Hopp til innhold

Side:Løland - Kor vart det av jola?.djvu/14

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest


Nei, der fanst ikkje eit liv uti tune. Det kunde altso ikkje vera spelegt. Og han sku' no i alverdi ikkje gjera noko vondt helder. . . Kufferten og det raude drog, drog att; han tok til aa finna, at det i grunnen ikkje var det slag moro i heile jolekvelden, naar han maatte gaa i denne plaagande uvissa; — han hadde tilslutt fengje laake upp, dirrande av hastverk.

Det fyrste han saag var det ljoseraude. Men det var ikkje soldaterarne; berre eit papir. Og kva der hellest var, var ikkje so greidt aa skila; det hadde alt skymra ikkje so lite. Han kjende seg fram, trefte berre bøker og sovore. Soldaterarne maatte liggja nedunder, so sant —; og naar han hadde vaaga seg so langt, var det fælande leidt aa ikkje faa vissa. Han lagde bøkerne varsamt upp i eine enden av kufferten; trefte so ei blank flaska, som han sette upp ved sida av dei. So fek han tak i ein pakke med papir