Hopp til innhold

Side:Løland - Kor vart det av jola?.djvu/13

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

Hallvard vilde og vera med, men laut finne hua si fyrst, og det tok tid; han hadde slengt henne ned og nord, daa han turka naseblode. Endeleg foor han ut gongen; men der stansa han endaa ein gong — han kom til aa sjaa paa kufferten burtved veggen. Der stod han so stor og myrk . . tru der var noko nytt i han elder ikkje? Tenk um han kunde faa letta paa laake ein augne blink og sjaa! Lyke- len stod i; og kvinfolki var og gjengne aat fjose no, so ingen kunde sjaa det — . .

Han hadde alt hondi paa laaset men vart so uviss og reiste seg att. Sku' no broren elder einkvar koma yver han! Og endaa um ingen plent saag det; han hugsa, kor brennande sinna han sjølv vart, eingong han Laurits hadde nasa ned i skrine hans.

Han kjende seg løynleg skjemd. gjek aat døri og saag ut gjenom det litle vindauga ved sida av.