Hopp til innhold

Side:Løland - Kor vart det av jola?.djvu/12

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

sjaa so nasevist ut. Daa gjek ho mor i døri og lét kje skikkeleg att etter seg; — Hallvard var burti dørglytten. Han augna noko glimande raudt nede millom hin rapen i kufferten. Kanskje det var . .? Men so vart døri skubba att.

Han Morten kom inn att. Hjarta banka i guten; men nei, broren kom kje med noko elder nemde eit ord um soldaterar no helder. Han berre skjenta litt med han; tok so til aa snakka med dei andre att. — Han sku no vel aldri ha gløymt altsaman? Hallvard tok radt til aa verta ille ved. Spyrja? Nei, det var so skamlegt. Og ikkje hadde han Laurits vit til aa slaa det paa snakk helder.

Just som han stod og grunna paa dette, kom faren i døri og spurde Morten, um han ikkje vilde vera med aat fjose og sjaa, kor mykje den brune stuten hadde vakse sidan sist. Jau, Morten gjek, og Laurits fylgde etter.