raudna og svara sovidt dei kunde hoyra det.
Systrarne tok so til aa spyrja etter um reisi og nytt fraa byen, medan ho mor fek det annsamt med aa finna joleøl aat han Morten og koka kaffi. Eit bil etter kom han Torbjørn, tenesteguten, inn i døri og bad nokon vera med og bera den store kufferten av sleden og inn i gongen. Han far sjølv gjek, og trast etter gjek han Morten ut i gongen og vilde ta upp nokre klær, som var nedpakka i kufferten.
Han Laurits hadde imedan fare. ut og inn mange gonger med mykje staak; men han Hallvard stod endaa still bakved omnen. Han Morten var onnorleis, enn han hadde tenkt seg. Han var vorten so underleg stor og fin og mannsleg sidan i fjor, totte han
— radt stormannsleg. Han hadde fengje skjegg paa yvermunnen og sagde mange ord, som han, Hallvard, ikkje skyna skikkeleg. Han kjende seg med