Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/81

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

det var ei tynne som var sett med kvasse spikrar over det heile innvendes. Så trilla dei tynna, og lensmannen skreik så syndleg og bad for seg og lova at han aldri skulle gjera vondt meir. «Å det er ikkje verdt å tru han for hardt,» sa greivane og kongskarane; «det er best vi tyner han skikkeleg, så vi ein gong kan verta kvitt denne velsigna stemninga,» sa dei.

Men då sa han det, kongen, at det var no ikkje verdt det heller; for kanskje det kunne vera likså godt å ha ein skarve lensmann i kongsgarden, sa han. «Han kan stå attmed døra og gøy som ei anna bikkje og vakta på at det ikkje kjem noko slag fant og fark inn i kongssalen; då gjer han vel alltid like for maten,» sa han. Ja, så slepte dei lensmannen ut or spikartynna då. «Men vågar du no så mykje som å peika på nokon til stemnings att,» sa kongen, «så er det verst for deg sjølv; for då tek vi straks og skjer tre breie raude reimar av ryggen din og strøyer pepar og salt i og så til ormegården med deg,» sa han, og han gjekk endå bort på stabburstrappa etter ein brynestein og brynte tolekniven sin med det same; for kongane brukte alltid så råkande kvasse knivar, når dei skar raude reimar. Men etter den dagen hadde lensmannen aldri tort stemna så mykje som ein katt eller ei mus i kongsgarden; han stod berre bortmed døra og gjætte på at det ikkje fekk koma inn noko-slag fant og fark…»

«Slike som bekafanten kanskje,» sa han Andres, «eller han Lamma-Lars…»