Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/80

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

eg,» sa han Kolbein og måtte blåsa seg i hen dene att.

Ja, du veit det guffa og bles noko kaldt utpå havet. Men når dei no berre kom i land. Ja, så såg dei atti eit stort svært land då sønnafor havet, og der stod det eit overhendig stort slott oppå eit fjell. Det glima i alle vindaugo, og i alle tårn så lyste det. Der var det kongen budde. Kvitbjørnen steig då i land der og rista vatnet av seg, og så labba han opp til kongsgarden og såg inn gjennom porten til kongssalen. Og der var det gildt, må du tru. Det var forgylt kvar du såg og kva du tok i, så fint var der, og oppetter salen stod ei lang rad med alle slag høge kongens folk på kvar side. Nedst på vinstre sida attmed døra var det no fyrst lensmannen…

«Å, er du galen, dei har då vel ikkje slikt skrap som lensmann hjå kongen sjølv?» sa han Kolbein.

«Jau,» sa han Pål, «lensmann har dei her òg. Men du må tru han er ikkje så høg i horna der som heime,» sa han. «Fyrst då han kom til kongsgarden, då trudde han det fanst ikkje sværare kar enn som han var. Han gjekk berre og yppa seg og ville stemna alle han møtte, både greivar og riddarar, liksom han hadde gjort med folket heime i bygda. Men så var han så nauten ein dag, han ville setja lensmannsstemning på kongen sjølv, og då fekk han rett svi snuten sin, han òg. For kongen han sa berre det, han, at «det er best de tek og har han i spikartynna med det same,» sa kongen. Så tok dei og hadde han i spikartynna straks;