Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/79

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

nordavinden sjølv var grå og blå av berre frost og hadde lange isjøklar i hår og skjegg, så det skrangla når han leda på seg.

«Huff, det er radt som eg kjenner kor hustralt det er,» sa han Andres og tok til å blåsa seg i hendene, og han Kolbein laut snart gjera det same; det var så altfor kaldt her i Nordpolen.

Ja, men no skulle det ikkje vera lenge før det vart varmare, sa han Pål. No skulle kvitbjørnen ta søretter att og fara alt til dei varme landa, der skulle han innom til kongen sjølv. For desse tre jomfruene var nok sjølve kongsdøtrene, når sant var, og no ville kvitbjørnen seia det med kongen at han hadde løyst dei ut. — Ja, så bad han nordavinden då om han ville ta dei med seg søretter, og det lova nordavinden straks. Men i dag kunne han ikkje gjera det, sa han, for han var ikkje på blåsteren no; han laut få halda jul han og i dag.

«Kva gjer han i jula, nordavinden?» undrast han vesle Andres. «Sit han inne og les og syng i postillen og bøkene?»

Å, det var vel så ymist med det, ottast han Pål; det var vel helst heidenskapen på han; det var ikkje betre venta oppi Nordpolen. Men han var ein beinsam kar elles; han skulle koma med kongsdøtrene så snart han kunne etter helga, sa han. Så sa kvitbjørnen farvel med han og tok ut så ubergeleg sør over land og hav att, og då var det ikkje lenge før det minka med frosten…

«Å, eg tykkjer det er ikkje så lite kaldt enno,