Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/127

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

ord. Han ville heller ikkje ta han heim og syna han der. Det var ikkje noko å syna fram. Den kniven han hadde kjøpt hjå landhandlaren i fjor var ein god mole finare. Jamvel Torsteins-kniven som han Gunnar enno hadde, var mest likså fin. Og mange av dei andre eignelutene han hadde, var likså mykje verde. Han hadde berre gått og drøymt i hop slikt som inkje var.

Han skjøna det ikkje, han Pål. Han hadde ingen ting mist i dag, og likevel var det som han hadde mist noko no òg. Det kjendest mest som ein løynleg trege, at han hadde funni kniven att, liksom i fjor etter han hadde mist han. Han skulle mest ha gjevi noko, dersom han ikkje hadde funni han på denne måten. Så hadde Bjedne-kniven for alltid vori like blank og skinande fager.