Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/126

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

ned att, og Gunnar rette ein kniv ut mot han. Han tok mot han, men vart så ståande og berre einstirde. Det var nok ein kniv, ja, men kva slag kniv var dette? Han minte alltid noko om Bjedne-kniven; han hadde brunt skaft og var kvass og avlang på odden som den. Men det var ikkje den likevel. Han var så underleg liten og smal. Skaftet var så bleikt og bladet så tunt. Heile kniven var berre som ein fattigsleg ham av den rette.

«Kven kan det vera som har mist denne her?» spurde han sistpå varsamt.

Då sette han Gunnar i å le høgt. «Korleis er det du står? Kjenner du ikkje att kniven din?» spurde han. «Han må ha legi radt turr under lauvet; for det finst mest ikkje rustflekk på han, og skaftet er like fint det òg.»

«Eg ser det,» sa Pål lågt.

Han fekk i det same auga på ei innskrift på bladet og eit merke på skaftet plent som på Bjedne kniven… jau, det var den, likevel; han såg det med ein gong no.

Men korleis i vide verda hadde han vorti såleis?…

Han vart med eitt så underleg flat der han stod, at han snudde seg bort og lest som han prøvde egga. Han lika ikkje å verta sedd i andletet.

— — Dei var oppe i urdene og samla heim sauene om kvelden. Gunnar sulla og song i villan sky av kjæte. Men han Pål gjekk der tagal og tankefull enno. Han hadde gøymt kniven under mosen nedved steinen og nemnde han ikkje meir med eit