Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/125

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

året, og mangt nytt hadde han fått seg. Han hadde fått ei lita klokke av nysylv og ein dåse med spegel i. Han hadde fått nye støvlar og hatt og meir, og den bortkomne Bjedne-kniven hadde etter kvart vorti berre ei gamal soge. Men så glad som då han fekk den, hadde han aldri vorti for noko av dette. Så gildt som den var det ikkje heller. Aldri meir vart noko så gildt som den kniven, det visste han no. Han kunne berre ikkje skjøna, korleis han Bjedne hadde fått tak i ein såvoren kniv; for maken kunne han aldri tru var å få nokon stad no. Det var som han enno såg kor glimande fin han var, når han tenkte vel etter.

Han ropa på han Gunnar og sa kva han tenkte. Jau, han Gunnar trudde òg at det her måtte vera ei von. Dei sprang heim etter ei lang stong, batt ein jarnkrok i enden og tok til å kara inn i det djupe holet.

Det var lenge berre rot og eldgamalt lauv dei fekk ut. Men til slutt var det som kroken hadde tak i noko avlangt, og det skrapa som i jarn… det måtte vera kniven! Hjarta tok til å hamra hardt i han Pål. Tenk å få kniven att likevel!… det var mest for mykje. Og når dei heime og alle fekk sjå det!…

Men det var ikkje så greitt å få han ut, om ein hadde tak i han heller. Han sette seg fast i stein og rot kvar augneblink. Dei laut få seg ein krok til. Pål flaug opp i bakkane og ville skjera ein.

Då sette han Gunnar i å ropa nedved steinen. «Her er han! Eg har fått tak i han!» Pål tvibykste