Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/124

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

sine pengar! Han vart teken av trege, så han kom mest på gråten, og gøymde knivstellet i eit hol oppunder taket. Ingen skulle få vita at han var narra. Så la han seg, tung i hug. No hadde han både kniven og pengane å trega.

Oppå steinen eit år etterpå.


Eit heilt år hadde gått, og det var vår att. Pål og Gunnar såg til sauene oppi bakkane som i fjor og heldt til på same steinen.

Så var det ein dag dei kleiv nedi småskorene på austsida av steinen. Dei ville freista å koma opp ein veg der dei aldri hadde vunni opp før. Men berget var bratt og vondt. Dei rasa ned att gong på gong. Ein gong Pål datt såleis, kom han til å riva med seg ei tjukk mosefille, som grodde oppetter eit lite skråberg tett nedved marka. Då kom det til syne ei djup rivne i steinen, som før hadde vori løynd. Og då ein skulle sjå, så hang ho i hop med den som kniven datt ned i i fjor. Ho var så smal lenger oppe, at ein berre så vidt såg henne. Men her var ho mykje breiare att.

Pål vart ståande og einstira og gløymde reint å kliva opp att.

Kanskje det her kunne verta ei råd til å få tak i den kniven som han aldri hadde tenkt å få att! Ein kunne stikka ein lang krok inn og freista å få han ut.

Mangt og mykje hadde hendt frametter dette