Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/123

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

nettopp så mange pengar og hadde dei med i ein liten lereftspung. Skulle han la dei springa? Han vart ståande og såg og såg … før han sjølv mest visste ordet av, hadde han lati pengane springa og teki mot kniven.

Han var radt sveitt, då han kom ut etter denne store avgjerda. Men var pengeutlegget svært, så var det òg noko til kniv! No var det ikkje tale om å kalla Bjedne-kniven betre lenger.

Han gjekk berre og såg på han og lo og spegla seg i det blanke bladet.

Men det var ikkje verdt at han far fekk sjå han enno. Han vart kanskje vond ein gong til, for han hadde øydd opp så mange pengar. Han gøymde han i lomma innpå trøya, då dei fór heim.

Då han var komen opp på stovelemmen og ville leggja seg om kvelden, tok han fram det nye knivstellet og såg på det att. Då kom det med ein gong så underleg over han, at han skjøna det ikkje sjølv. Men han såg det klårt no: denne kniven var ikkje som Bjedne-kniven likevel! Nei nei, han var ikkje. Han var ikkje så lite mindre enn den, og så var han så mykje tunnare og grannare i alle endar. Det var som han såg med andre augo no han var komen heim og hugsa skikkeleg på den gamle. Denne her var berre som ein blank stas mot den. Han skjøna ikkje korleis han hadde kunna tru noko anna. Men kva hugnad var det så i å ha han?

Det var med eitt som heile glansen var stroken av han. Og for ein slik kniv hadde han gjevi alle