Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/94

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

andre sida, så dei kunne få stira vel på han. Men dei stod på spranget til å fara ut att som gneistar, så snart han leda på seg til noko farleg. — Men det var ikkje likt til at han ansa nokon ting. Han sat berre og såg beint nedfor seg og skaut anden av og til; og hadde han sett fælsleg ut då han var ute, så var han rett ikkje finare no i ljoset. Han hadde langt og svart hår og skjegg og var rukkut i andletet som ein gamal stuv, og i augnekrærne var han rund og rennande. Og på eine sida hadde han ein bulk innunder fillene, — det var vel bekskåla han hadde der.

Ho Lisbet hadde bori mat på bordet og bad han så setja seg bortåt. Han svara ingen ting, berre stauka bort til bordet og til å eta, og det slapp ein be han to gonger om; det gjekk som i ei glefse. Dei to minste av gutane freista sistpå å telja kor mange bitar han tok; men det vart så mange at det var uråd å halda tal på dei.

«Du har vel fari vidt og er kjend både her og der du?» sa ho Lisbet, ho tykte ho laut seia noko.

Å ja, han for sin part hadde svolka gjennom sju bispedøme, og då måtte ein vel alltid sjå eitkvart, sa bekafanten og var noko stuttmælt enno. Men etter kvart som han åt, var det som han kvikna til og vart meir lik hitt folket, og då ho Lisbet kom med ein kopp heit kaffi til han, var det svært som han livna og blidkast opp. Han tok til å fortelja om eit uvêr han hadde komi ut for ein stad han hadde fari, og det var ikke noko morovêr. Det var så fælt at det bles ned tre