Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/36

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

frametter heile dagen etterpå og våga snautt å sjå på folk. Dei visste nok ikkje om dei kunne tru så heilt på dette om tordivlane, men det var fælt nok, kor som var, og mest endå verre ville det vera med den fælslege skamma, når alt kom for dagen og heile bygda fekk vita at dei var stemnde. Dei gjekk berre og glytte nedetter vegen etter lensmannen, og stokk, så dei hetna for kvar gong dei tykte dei såg nokon. Dei gav seg sistpå til å plukka opp aks utpå åkrane, endå ingen hadde styrt dei til det i dag, og var trottigare enn nokon gong før; det var mest som dei kjende seg litegrann tryggare då.

Men dagen gjekk, og det kom ingen lensmann, og dei anda lettare om kvelden. Men dagen etter skjøna dei altfor vel at det var for tidleg å vera trygg enno, og han Tormod slo òg bortpå om det. Det var ikkje sagt at lensmannen hadde fått vita det så fort i går at han kunne koma då. Så kunne han koma i dag. Dei tok på nytt lag til å sjå etter han, og visste ikkje anna å finna på enn å henta opp aks liksom i går. Men dei heldt seg så nær kvarandre på kvar sine åkrar, at dei lett kunne finnast om eitkvart skulle koma på.

Det var slik ein fin dag. Det var solskin og segla kvite skyer oppover fjella. Kornstaurane stod i lange rader og turka, og det var ljost av gult lauv oppi alle bakkane. Det kunne vori slik ein gild dag å ha vori der og henta nøtter. Eller uti skogen og henta tytebær. Ja, om det så var å gå her og grava etter aks eller bera ved, så