Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/99

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 95 —

Dei lærde baade aa skrive og rekne og fekk vita noko baade utor Landkunna og Sogo. Og so sette han Girn i deim til aa lesa aa sanke seg Kunnskapar; Mannen var skapt for Yrki sine.

Ingen Bonde i heile Bygde hadde lese so mykje som han Knut og Lesarhugen hans tok aldri Ende. Sporde han upp ei Bok, som han ikje hadde lesi fyrr, laut han faa Tak i henne um det var aldri so strævsamt. Men elles var han Knut so god Kvardags-Kar au, som nokon kunde vera, og var hendt baade med Øks og Kniv. Far hans var Husmann, og da han Knut gifta seg og tok Plassen, spara han Husleiga paa Garden og stod med baade i Vaaronni og Slaattonni og kva Arbeid som fall, naar han ikje hadde Skulen paa seg.

Den Tidi det her mellest um, var han ein Mann paa 40 Aar og hadde allt da vore i Tenesti i 22 Aar; soleis var han vel kjend med baade Unge og Gamle i Grendom og velkomin au, alle Stadine. Difor sette det Liv i heile Grendi naar „Skulin“ kom — dei Unge, som hadde vore i Skule hjaa honom hadde Hugnad av aa raaka han, og dei Gamle vilde au gjenne sjaa han i Huse — han kunde skapa ei Hugnadstund naar han kom innum ein Kveld, han Knut. For han gjorde baade song og fortalde og visste kva som ha henda i Verdi, baade i dei gamle Tidir og dei nye. Han las Bladi au, „Skulin“, maa vita. Kvar Gong han kom med Skulen burti ein av Fjordungom i Skulekrinsen sin, vart han difor bedin i Gjest millom Gardom, og det vart den eine Uppseta og det eine Kaffelage etter det andre um Kveldane, til stor Gaman i lange Tidir etterpaa.

No var han da ute og foor att. Det hadde vori Slagtardag heime, da „Skulin“ kom tilhusane um Eftan; Kvinnfolki dreiv som eit sterkt Ver att og fram millom Stugo og Eldhuse med uppbrette Ermer og uppstytte Stakkar. Inne i Stugo sat han Far og gjurde Fjosbyttur og Flis og Kaarar gjekk langt upp paa Leggine, det var dugeleg urydigt i Huse, da Knut kom med Skreppa si i Døri.

„Nei kjem du no til Gards med Skulen, Knut, so veit eg ikje korleis det kjem til aa gaa med deg,“ sa Far, „her drivst det som paa eit Verk, og eg ottast av, at det vert ymse baade med Hus og Mat.“ „Aa eg tenkjer det lagar seg, eg, er det ikje rart