Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/97

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 93 —

stybb, gjorde Faktirne med aa tende Lunta, skreik so „Varsku her!“ og sprang som eg skulde ha Ofsin etter meg. Men no, da eg fekk „rigtig“ Mineambo, slapp eg til aa bora Hol i Staburstropp-Hellune, og der dreiv eg sidan heile Dagen, heldt Boren i ei Hand og bruka Feislen med den andre, medan eg „song paa Boren“ so det ljoma i Gardsrome. Ei større Gaave kunde Smeden aldri funni paa aa gjevi meg.

Men denne Vintren med allt sit yrande, uvande Liv og all den ofselege Sjauen seint og tidleg, gjekk utur Maaten snøgt; Vaaren kom fyrr me visste av det og so bar dei til aa gruse „Nyvegen“. Da det var gjort foor dei yvi han att og fram med den store Vegrullen — og so hadde me faatt ny Veg gjenom Ottadalen. Det hadde vori fælt til Braak den Stundi, dei arbeidde han, og Minne um Vegarbeide og „Veg-Karane“ heldt seg lenge i Grendi etter. Elles saag det for det snøgge ut til, at Grendi fort kom att-i det gamle Lage sitt, men eit stort Skifte vart det no likevel; det saag me best heime, da neste Vintren kom. For da var all Ferdi burte av Huse, no foor ho etter Nyvegen paa hi sida av Elvi, større og jamnare hell ho hadde vore fyrr um Vintrane.

Og etter den nye Vegen kom det sigande, stillt og liksom umerkjande, det eine Avbrigde etter det andre baade i eitt og anna. Difor kom aldri Grendi heilt i det gamle Lage sitt meir; for Nyvegen hadde nok skaka av Lag noko i sjølve Grunnen, da Folke rett skulde sjaa til.