— 92 —
hell nokon Gong um Aari fyrr, heile Vintren. Den vanlege Ferdi etter Isen var større hell ho plaga vera, med di dei ytste Bygdine i Dalen hadde faatt eit laakt Kornaar, og dreiv med aa kjøpe Korn og Rug uppi Lomsbygdi um Vintren. Difor foor det Kornkjørarar dagandes Dag og Lomverine sjølve kjørde tilvegjes Flesk og Smør og andre Matvarur, dei avhenda til Vegarbeide. Og so kom allt Vegfolke attpaa: so manna som det var i Stugo heime den Vintren naar det leid til, at dei 3 Akord-Lagi heldt Kvild Kl. 10 og Kl. 3, saag eg det aldri korkje fyrr eller sidan, for da vilde alle ha Kaffe til Maten sin. Det var so stappa med Folk, at det var Uraad aa snu seg, og i Slutnaden av Kviletimen var Tobakrøyken so stinn, at det kunde staatt Halmstubbar i honom. Enno verre var det annankvar Laurdag, for da kom Løitnanten og betalde ut Løn til 6 eller 8 Akordlag, og seint paa Kveld naar Lønningi var avstande, laut Tenestjenta fyrst reinske Golve med Spaden fyrr ho kunde byrja med Golvfilla.
„Veg-Løitnanten“ var ein sers godvorin, hugnaleg Mann og Fruga hans enno meir. Ho skjøna seg paa Sjukdomar og var mykje søkt av Smaafolk, for ho tok aldri Betaling, korkje for Lækjeraadi eller Lækjedomen, og meir hell ei Menneskja var takksam mot „Lytnansfruga“ for god Hjelp og Helseraadir.
Kaptein Brun foor au jamnan og kvilte da heime, etter han hadde set yvi Vegarbeide; det var no hann, som stod for den heile Vegbyggingi upp etter Ottadalen. Brun skulde vera ein hugnaleg Mann han, au, men den store, tjukke Kapteinen med dei svære Bartane tykte eg saag so morsk ut, at eg stødt kjende meg kjøvd naar han kom i Huse. Eingong tok han meg under Hoku og gat paa, at det nok kunde verta eit bergelegt Soldat-Emne av meg med Tidi — sidan fekk eg som betre Tru um han.
Med Ess’dølom i Eldhuse gjorde eg meg godt til-vens, baade med Smeden, han Per Eggen, og han Hans Ingulshus, han Jokum Vas-enden, han Sima Klukkarhaugen og dei hine fire. Gamle Hans Ingulshus song utur Volqvart og Petter Dass ein og annan Gong, og da sat eg paa Bakstefjøli og lydde paa. Og med Smeden kom eg meg so godt inn, at han gjorde meg ein litin „rett“ Minebor, Feisel og Reinskejarn — han hadde nok set at eg minte i ei hard Snøfann um Dagane, lødde med Kol-