— 90 —
Tittare og hardare!
so fær du Kaffe snarare —
driv han inn, kjil han inn
ende ned, so fort du vinn!
brest hell bogna Eggen
bli Smeden hengt paa Veggen,
dell, dall, do!
Snu paa Navar’n snøggare
so rundast Hole gløggare;
tidt og hardt, tidt og hardt!
tru det inkje lid no snart
so dei kjem paa Lina
han Svartlars og ho Stina?
dill, dall, do!
Det var Song baade nordan og sunnan, Tonen var den sama, men Teksti skifta, imillom var ho ikje av skirnaste Slage, heller. I den vetle Moen sør og burt for Laaven heldt nokre Mann paa aa brjote ned Skog, dei grov umkring Røterne og løyste Tægerne med Hakkor og Spit; so festa dei eit Tog i Toppen, hengde seg i ein 5, 6 Mann og sleit Trei ikoll so Tægerne laag og sprikte etter som Trollklør i Skine fraa Tyri-Logom. Og desse, som fellte Skog, dreiv og med aa syngje „paa Skogen“. Midt for Vatsbrunne heldt fire Mann paa brote Stein, dei emna paa ein Sneidmur av og medan dei „drog“ dei store Steinane med Spitom, „song dei paa Steinen“ heile Tidi: „haa! med like Tak, aa haa! — haa! ut med ’om, aa haa! — haa, no gaar han godt, aa haa! — haa, sving ’n litt, aa haa!“
Slikt Liv og slik Song i Arbeide hadde eg aldri høyrt fyrr, det lyddest so uvandt og framandt og i Log-Glime saag det ut som eit Eventyr — eg stod og stirde burti Bakkane og lydde paa Songen til eg vart so blaafrosen, at eg skolv mest sund. Men snart vart me vande med dette, for det var uppatt det same, Dag ut og Dag inn, Vintren igjenom — det var som den stille, fredelege Grendi var umskapt. Her høyrde du mest aldri annan Larm hell den illsklege Duren av Fossen naar han „reiv seg“ mot Uver, Hundegjøy av den vetle Gneldrebikkja heime og ei Dumbjølle no og da — no song og taut det Dagen igjenom og dundra med Mine-