— 89 —
So er det ein Solskinsdag i siste Dagom av Juni i 1860,
allt er sovidt komi i sitt rette Lag att etter Storflaumen; da fekk
me sjaa 2 kvitklædde Storkarar og 2 eller 3 Arbeidarar paa den
andre Sida sør ved Eidsfossen, um Morgonen fyre Dugurdmaal.
Dei foor og klengde seg etter Svadom og smøygde seg
gjenom Tollskogen lengst med Elvi, dreiv og sigta med ei Greide
dei sette paa ein Stav, sette ned Stakar med kvite Spildrur i og
gjekk bar nokre store Papir i Hendom. Kva kunde detta ha paa
seg, tru? Jau no foor dei og staka upp den nye Vegen, lyddest
det. Aa, skit, det vert aldri Aalvor av di, meinte baade ein
og hinn.
Men ved Vinternæts-Leite kom ein Uppsynsmann farande og leigde Smidja og Smidje-Ambodi hans Far til ein Vegsmed og Kvernhuse til Upplagshus for Krut og Mineringsgreidur. Det skulde byrje 3 Akord-Lag beint for Garden paa hi Sida av Elvi i Midten av November; med di same leigde Uppsynsmannen Eldhuse vaart so Vegsmeden, Drengen hans og 6 andre Karar kunde faa halde til der um Vintren. Jau, det var likt til at det vart Aalvor, lel, med Ottadalsvegen no.
Strakst Isen lagde seg, kjørde dei Kvernhuse fullt med Krut og Luntor og uppi Smidja lesste dei av eine Lasse etter det andre med Jarn og Staal, Kol og kva det var allt, dei kom med. Med di same kom Smeden, Drengen hans og dei hine 6 og skipa seg til i Eldhuse so godt dei kunde, for det var ikje stort Huse. Desse 8 gjekk med Namne „Essdøline“, for dei hadde vore med og arbeidt hjaa Mr. Forbes paa Espedalsverke, som just var nedlagt.
Og so small det laust — eg minnest enno som i Gaar den Dagen da dei tri Akordlagi sette Arbeide i Gong, midt for Garden heime. Det var ein klaarkald Morgon paa Lag Klokka 7 eg skulde ut paa Garden, men vart staa-ande som klumsa paa Dørahella: upp i Hallingi burtan Elvi brann det ein tie, tolv Tyri-Log etter ein annan i Rad, og under kvart skimta det paa tvo Mann som dreiv med Minerbor og Slegge og bora i Svai. Det song i Borane for kvart Slag so det lyddest som eit Spelverk og attaat song Karane „paa Boren“ so det ljoma i Kvernbergshaugen.