Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/92

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

Nyvegen.

Um Hausten i 1859 tok det til aa gaa Ord um, at det var i Gjerdom aa byggje Bygdeveg fraa Kongsvegen paa Sell upp etter Ottadalen og vidare upp til Lom. At det kunde verta Aalvor med desse, hadde no dei eldre Folk i Heimegrendi liti Tru paa. Den skarve Ridevegen som laag etter Moom paa Solsida, hadde no legi som han laag i hundretals Aar og, største Voni, han kom til aa liggje etter vore Dagar au, maa’ta. Dei hadde nok høyrt, at det no var bygt god, brei og fin Kjøreveg, flat som eit Stugugolv, gjenom Elstadkleivi[1] og gjenom fleire Kleivir og stygge Bakkar og Ulende, men det var ikje sagt kor lenge Bygdine heldt ut med aa gjera slike Mestarverk, og Dalekleivi og Tolstadskrido i Ottadalsvegen kjem no til aa bite imot, dei au, fyrr det vert god Kjøreveg gjenom deim. Difor trudde dei ikje stort paa det Orde som gjekk um den nye Vegen; Far sa no stødt, at det aldri i hans Livedagar vart Veg gjenom Ottadalen.

  1. ↑ Da Vegen var bygt gjenom Elstadkleivi — den gamle Bægjelskleivi — var det ein gamall Gardmann i Heidalen som ikje vilde tru, det var sant; han hadde fari og ferdast der mykje i si Tid og paastod difor, at det stod ikje i Menneske-Magt aa gjera flat, god Kjøreveg i Elstadkleivi. Dei skulde sleppe gjera Narr av honom paa den Gjerdi, Gapane.