Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/91

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 87 —

ikje i Folkemagt aa koma yvi ho um det so galdt Live — Kloppi maatte dei rive Farveden av straks um Morgonen, for ho tok til aa koma med store Lyftarsteinar ho kasta upp paa Kloppi. Nede paa Skridu i all den gamle Øyri etter Ofsin i 1789, sette ho paa med aa grava seg det eine nye Fare etter det andre. Naar ho hadde grave eitt paa ein 2, 3 Alnir djupt, emna ho paa eit anna og kor mange Tusen Merra-Lass med Øyr ho kunde kjøyre ut i Kokkhølen paa eit Par Timar, er vandt aa vita.

Og nordi Finntryu rigjorde Finna enno verre og heldt paa aa gjera sama Spele som i 1789 — ho spøkte med aa gaa paa Kyrkja og Folk arbeidde av all Evle for aa faa bægt ho fraa. Kyrkja bergast, men det Finna hadde etla av Klukkargarden i 1789 det gjorde ho Ende paa no og sidan foor ho hardleg ille med Smedsmo. Sør etter Vollom stod allt under Vatten til langt upp i Bakkane og Husi reiste av paa mange Heimar; der heldt det paa aa gaa gale med ei Kjering og 2 Born, dei vart frelste i siste Liten av ein Mann som reid ut til deim med ein Hest.

Laagen paa Sell og Sjoi i Heidalen hadde vore paa same Lydska og Skade hadde dei gjort baae, men noko Manneliv gjekk ikje med i heile Bygdi.

Heime i Grendi var me innestengde i 2 Dagar, for nordetter „Kleivom“ stod Elvi mange Stadir baade 2 og 3 Alnir over den stakkars Gongstigen. Mondagseftan minka Elvi ned til det vanlege Flaumstøde sitt, og da bar det til aa verta opin Veg att so me fekk høyre, korleis Flaumen hadde vore paa andre Stadir i Bygde. Baade Sjoi og Laagen naadde Maale i 1789, men Otta rokk ikje heilt Maale, det vanta paa Lag 6 Tumar, for Flaummaale i 89 er hoggi i eit Berg paa Lalm. Etter heile Gudbrandsdalen var det Storflaum, men langt ute i Dalen var han paa det høgste ein Dag seinar; Mjøsi var so stor, at ho gjekk upp i Strandgata paa Hamar.

So det var ikje just noko underlegt, at „Storflaumen“ vart ein Tidsmælar ei Tid frametter.