Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/90

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 86 —

av Husinnreiding, sumt var knasa og sundbroti men sumt kunde au vera like heilt.

Ute paa „Fossbergom“ samla Folke i Grendi seg, Unge og Gamle, for aa sjaa paa Fossen, slik hadde ingen set han fyrr i sine Dagar! Dei tri høge Falli som kvart Aar plaga halde svært til Dunder kvar for seg i største Flaumen, var burte — heile den braadjupe, tronge Riva millom Bergveggjom var no ei einaste sjodande Renne som kokte, bubla og spruta, tvinna og kvirvla seg i alle tenkjelege Skap, gaus upp til Hushøgdir og fall ned att i same Augablonk, kasta seg mot ymse Bergside so Vatne dreiv langt innyvi som ei tjukk Skodde. Folk stod tagalle og bleike; nede paa Grunnen, djupt under, lyddest ein underleg Dunder som eit Torebrak og heile den trauste Bergbotnen skolv under Føtom. Alle visste, at dei her stod paa traust Grunn, men ingen tordest vaage seg nære ut-paa for aa sjaa den ville Leiken; dei agalause Vatsmengdine tvinga seg med ei fælsleg Villske og ein Domedags-Dunder gjenom den tronge Renna i „Fossberge“, so Manna-Auga og Manna-Øyra liksom ikje stod ut med aa sjaa og høyre det.

Naar ein stor Timberstokk eller eit heilt Tre med Rot og Topp og alle Greinir kom farande midt etter Elvi nordan-til, vart dei burte med det same Fossen gløypte dei, du saag ikje Timdi av dei ein Gong i heile Fosse-Renna. Men ein 5, 600 Alnir lenger nede naar Renna slepte Tak, der kom dei skjotande att; beint upp som ei Pil, heile 4, 5 Alnir upp yvi Vatsmaale, kvista og karta so berre strake kvite Strangane synte seg.

Bygdafolke var fælne og bar til aa snakke um Ofsin, dei tok upp att det, dei hadde høyrt av Far eller Bestefar um Flaumen i 1789. Gud vera Lov! — Skridur kann det ikje bera til med no, som den Gongen, og med Guds Hjelp maa fulla Flaumen no straks gjeva seg, sa dei. Og Elvi gav seg au; etter Høgstdag ei Rid um Sundagen tok ho til aa draga seg attende og Folke kjende den tunge Otten gaa av seg.

Var Otta sjøl agalaus, so stod ikje Tverrelvine att, dei, vissa, som hadde Ibot[1] i Høgfjelle; dei floug upp paa nokre Timar og bar til aa øyre laust og grava ut til Otta vart som ei Leirsupe aa sjaa paa. Rinda var fæl heile Sundagen, det stod

  1. Ibot: Tilløb, Tilsig.