Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/9

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 5 —

maatte verta Slutt og Isen etter Otta fara sin Veg. Fyrr var det ingen Fred aa faa. Og det var hell ikje aa undrast paa, at ho gjekk trøtt: det same Mase og den same Uroi Dag og Natt so det var endefram Uraad aa ha nokon Skikk paa Husstelle — ho var den fyrste til aa vera uppe um Morgonen og den siste til aa leggje seg um Kvelden.

No kunde ikje ein segja, at det var god Raad paa Husrom paa Garden, nybølt som det var; det var ikje meir hell so at Huslyden sjøl kunde vera berga paa ei Gjerd. Men likevel var det mang ei Natt de var upp til eit Tjuge Framande som fekk Hus yvi Hovude, Ferdmenner, Fehandlarar og Sauekjøparar um einannan. Eg veit me kunde sitja i god Ro og eta Vetlbiten i Skyminge, det kunde koma tri-fire Lystringar, som foor paa Fehandel, og bad seg Hus til Natti. Fyrr vi kom fraa Borde att var det ikje Skil paa, at det var kome likeso mange unge Gousdølir som etla seg uppi Lom og Sjaak paa Sauehandel og no vilde beda Hus. Og med desse var nok den vetle Gjestestugo so vel fyllt, som ho mest kunde verte, og ho Mor tykte visst ho hadde faatt so mange Framande ho kunde raade med den Natti. Men naar ho og Jenta eit Par Timar seinare paa Kvelden kom inn att og hadde kveldstelt i Fjose, var det ikje noko Unders-Hende, um dei møtte seks-sju Matkistur og Ferdaskrin innan Døri med en Sauskinnkjol og eit stort Ullskjerf ovanpaa kvar, og so fullt med Lomveringar og Skjaakveringar burtyvi mot Skorsteinen, at ein berre sovidt fekk ein Skimt av Eldsmaale som brann. Og alle hadde dei noko aa maalbera; sume vilde laane Gryte og koke seg Grout, dersom dei fekk kjøpt Mjølk; sume vilde laane Steikjepanne og steikje Flesk, andre vilde kjøpe Mjølk attaat Kistematen sin. Ein vilde ha Ljos og Lykt, ein annan Byttor aa vatne Øykjom med. Det var eit Staak og eit Ryl som i ei Auksjonsstugu og so fullt av Folk, Kistor og Utanpaa-Plagg, at ein lout leite seg fram med Tunnekanten fyri, um ein skulde koma yvi Golve. Yvi heile Huse og langt ut paa Garden stod det ein Tev av Gamalost og annan Kistemat, medan de osa ramt av dei nyskinna Brøkom aat deim, som dreiv med aa koke Grout og steikje Flesk paa Skorsteinen — det var ein Tev som fortalde greidt nok sjøl, kvafor eit Klouvdyr Brokskinne var komi av. Attaat stækte