Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/89

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 85 —


Utyvi Dagen til Klokka 11 dreiv Elvi framleides paa aa vekse til kvar Stund enda det saag ut til, at det ikje gjekk med slik Ofse lenger. Men no var ho au fæl aa sjaa og det stod ein Utokke av henne som lagde ein kjøvande Uhugna yvi alle. Alle Stadir, kvar du saag, fløymde Elvi innyvi Breddine og stod yvi Aakrar og Engjir, den uhorvelege Vatsmengdi velta og braut seg fram med slikt rasande Laup at du vart som svimrin av aa stire paa ho. Fraa baade Landsidur klembdest Vatsmengdi ut mot Midten og der gjekk ho med ein 3 Alnir høg Kam som rusa avstad i den villaste Leik, so Spruten stod himilhøgt nedetter heile Elvedrage. Og so Eidsfossen! Naar du saag dit nedover ruvde det for, at Vatsflaumen heldt paa aa stadne upp med same han skulde tvingast aat Fossestupi — det saag for Augom ut til, at heile Elvi rann imot Bakke ein 5, 600 Alnir og nærast Fossen vart ho eit kokandest Hav som den eine Stundi hevja seg høgt til-vers og den andre datt djupt ned att; kvar Gong det sokk ned mot Bergebotnen stod Spruten beint upp til himils, og du høyrde ein Dyn som um Høirne vilde rynja ihop. Det var mest som ein kjende seg reint naamen av aa sjaa desse utemjande Naturmagtirne spela seg so Jordi skolv under ein. Og so denne fæle Søgen og Duren som var so sterk, at det gjorde illt i Øyrom. Gjenlyden fraa Bergveggjom og Høom gjorde, at det høyrdest ut som heile den tronge Dalen laag og anka seg i siste, harde Striden.

Enno hadde ikje Elvevoksten byrja aa gaa attende og ved Høgstdags-Leite Sundagen var Flaumen styggast — da var au Uhugnaden verst. For da bar det til aa reka i tanande Fart Stokkar av Hus, Dørir og Dørkarmar, Benkjir, Koppar og Kjøreld — dette bar ei stusleg Bod um, at det no heldt paa aa hende Ulykkur lenger upp i Bygdi. Skulde der berre ikje spørjast, at det har gaatt med Liv! I Einingi rakte det eitkvart ute i den fæle Straumkammen midt etter Elvi, Furu og Gronnir, Bjørk og Esp med Kvistar og Greinir, heile og haldne med Rot og Ty, kapla seg i Straumen som Halmstubbar og foor som Pilir nedetter Elvi. Der det var ei Evju eller ei Stille, sanka Rate seg so tjukt at du saag ikje ned paa Vatne, og inn millom denne tjukke Myrja som huska i Baardrage, saag ein baade eitt og anna