— 84 —
um det vanlege Flaumstøde. Laurdagen den 16de bar det til aa stridregne so det berre hølja ned heile Dagen og Natti med. Attaat var det varmt som i ei Laug, radt upp i dei høgste Fjellviggune. Paa Eftansida um Laurdagen voks Otta so fort, at ein kunde sjaa „Landbaara“ øykte seg lenger innetter for kvar Gong ho kom rullande. Heime, der Husi ligg so nær Elvi, saag det reint uhuglegt ut um Kvelden, Elvi rann like inn til Laaven og Sauefjose og i den Søkki, der Eldhuse staar, heldt ho paa aa stige, so den laage Grunnmuren berre sovidt synte. Stugo og hine Husi stod meire upprise og deim var det mest utenkjande, at Elvi kunde naa, men i Stugukjellaren dreiv Vatne paa aa sige inn fraa Grunnen, heile Laurdagseftan. Me gjekk og lagde oss alle seint um Kvelden so nær som ho Mor, ho kunde ikje faa sova og difor gjekk ho uppe all Natti aa kalle for. Det regnde utor Maaten Natti igjenom og Vere so varmt, at det kjendest andmodt. Klokka 6 um Sundagsmorgonen vekte ho Mor oss og fortalde, at no hadde Elvi vaksi so utur Lagi, at ho ottast for, at Smaakrøturi i Sauefjose stod i Vatn til Knes. Med same me kom upp saag me Elvi gjenom Høgsetglase velte seg nedyvi upphøg i Midten, stygg og brungraa paa Lit og med ein Søg og eit Dun to tung, at me tyktest kjenne allt bivra og skolv. Regne hadde halde upp men det tippa og draup i Kapp fraa alle Jord-Tak og det lyddest som ein Song rundt um av Draap’om naar dei fall mot Fjølir, tome Byttur og Koppar som kunde staa frammed Veggjom her og der. I Sauefjose stod Elvi yvi heile Golve, Sauine stod livrædde inn med Veggjom og styrmde ut som ville Dyr da Døri kom upp. I Eldhuse sigla det Traug, Mjølbyttur og Krakkar um ein annan, støytte ihop og heldt eit fælt Leven, for Elvi hadde grave eit stort Hol paa Muren so Baaredrage gjekk ut og inn. Inn i Eldhuskleven var det att ei tur Kraa for det laag ei tjukk Helle ned-paa Auren paa tvo Kubbar, og paa henne hadde ei Kjuklinghøne sanka dei 11 Boni sine under Vengjine. Og i Laavegolve rann Elvi stri som ei Sag-Renne, minst 1 Alen djup —, sette ho berre paa aa grava i den lause Sandgrunnen, so kom ho til aa reise med heile Laaven. Kvernhuse stod i Elvi til halv-midt upp paa Veggen og det var no paa Vegti til aa fara, kva Tid det skulde vera.