Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/87

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

Storflaumen.

Dei Gamle bruka mykje aa mæle Tidi fraa eitt eller anna Storhende dei saag paa som ein Mar’stein millom Tidsbolkom: 1612 og Slage i Kringom, „da Skottane foor“, var ein slik Milestein som enno ikje var reint nedvaksin i Mosen i mine Smaagutdagar. Ofsin i 1789 var det same eins med „3 Aar fyrri Ofsin“ „7 Aar etter Skridusumaren“ o. s. b. So kom „Hardaari“, 1812, 13 og 14, dei vara meir hell ein Mannsalder til Tid-Maal, di næst vart Brunen paa Tolstad i 1856 ein ny Merkepæl heime i vaare Grend; ein av Grannom heime gjorde seg nokre Aar etter ein Skiftestein for eigi Bruk, han mælte baade fram og attende fraa „det Aare, da det nye Matrikulle foor“, det var den nye „Matrikuleringskommissjonen“ han meinte paa.

Men elles fekk me baade i Heimegrendi og vidare i Bygdi ein ny Tidmælar i 1860, „Storflaumen“ eller „Stor-Elvvoksten“; det var ein Tilburd som heldt seg frisk i Minne i meir hell 20 Aar etter, og enno er ikje den Mælaren heilt burte millom eldre Folk.

Vintren 1860 var ein stor Snøvinter og Vaaren var baade sein og hard so Snøen berre verkte av ned i Dalom, og i Høgdom laag Snømengdi mest den same utetter heile Vaaren og fyrste Bile av Sumaren. Umkring Midten av Juni slog Vere um med einn Gong, det vart braa-godt heilt upp til Høgfjells og den 14de og 15de Juni voks Otta og alle Tverrelvine henna upp-