— 82 —
marsløni si og gode Drykkepengar hjaa oss, so fyllte me godt Nisteskreppa hans og med di lagde han iveg. Jau ein Haust hadde det kome tvo Farkar da han kom upp paa Gjelleraasen, den eine blaaheldt han og den andre tømde Boki og Pungen hans og tok Nista hans av Skreppa, attpaa fekk han eit par gode Drultar i Hausen i Skilnaden. Um Kvelden kom han Paal Gjætar inn i Byen aat oss, reint utur Verdi for Pengom sine og mest fortulla elles au, skakkars Einstødingen, lite forr seg og folkestygg som han var all sin Dag. Du veit me vilde ikje anna, hell upprette Skaden hans, me slog oss ihop alle og skaut til so han fekk att det han misste, Stakkaren; men me tordest no ikje sleppe han aat Vegen att fyr me vart ferdige til aa gjera Fylgje med. Nei, det er ikje so trygt etter Vegom paa Flatbygdom og ved Byane, som uppi Dalom hjaa oss.“