Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/85

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 81 —


Det var medan me var i Byferdi um Hausten eg skulde fara undan inn i Byen og leige oss Hamn — det var ei stor Drift i Hælom paa oss og me hadde Otte paa oss for, at ein av Eigarom kunde finne paa skunde seg til Byen og leige ei grepa Lykkje me hadde havt i fleire Aar. Eg tok tvo Laushestar og reid undan, da me kom aat Hadelands Glasverk med Drifti ut paa Eftansida. Eg naadde ein Gard i Nitedalen seint um Kvelden og laag der um Natti. Um Morgonen reid eg iveg grovt tidleg for det var langt ut-i Tverrande og blankt Maaneskinn um Morgnane. Da eg hadde ride eit Stykke naadde eg Kanten av ein noko-lite lang Skogmo, det gjekk enda ein lang Gjeile ned-paa Vegen fraa ein Gard paa vinstre Handi der Skogen byrja. Eg reid i høvelegt, heller smaatt Traav etter Vegen og just i di eg var um Gjeilmunnen komin, fekk eg sjaa tvo ruvelege Karar kom springande etter Gjeilen og da dei naadde Aalmannavegen svinga dei til Vinstre og sette etter meg, allt dei orka. Eg reid i same Halde for det fyrste, men da Karane klembde etter meg av alle Livsens Krefter so dei hala inn-paa meg, tykte eg det saag so halvleidt ut, at eg byrja skunde paa. Det var ein lettfløygd Hest eg reid paa og den eg leidde laus etter var au ein ung, livleg Hest og no, da dei saag desse tvo som sprang so avraade bakanfor i Maaneskine, fekk dei Byksen i seg og brukte Beini so det hadde Lag. Naa meg var dei tvo ikje Karar til da eg byrja aa ride det, Hestane evla, men det var grove Ting kor dei sprang, dei sprang allt dei evla minst ein halv Fjordung. Da saag dei det nytta ikje og med di skaut dei seg tilsides inn i Skogen og vart burte. Detta tykte eg var underlegt og eg lika det ikje, men kva dei hadde etla seg til, veit eg ikje meir um. Hadde dei naatt meg med same eg foor um Gjeilen, hadde eg vel faatt set kva dei foor etter; men Godkjøp hadde ikje Karane faatt paa Skinne mit, um so var at det var det, dei vilde ha.

Det var det einaste eg raaka, som kunde likne paa noko slikt som Yvifall. Men Fe-Gjætaren vaar, han Vetl-Paal Gjætar, foor ille ein Haust han var paa Heimferd fraa Byen. Han var alltid med heilt paa Byhamni um Haustane, og naar me hadde „selt av“ vart me stødt verande einkvar Dagen i Byen; men Paal tykte ikje han hadde noko i Byen aa gjera, han fekk Su-—