Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/84

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 80 —

leikt soleis nokre Timar, bar det til aa koma etter oss kjørande Folk som au etla seg til Minne, fyrr dei lagde seg. Dei kjørde no um oss til næraste Skifte, men medan dei var inne og bytte Heste og kunde hevle medan dei fekk lite i Live attaat, fekk me ein Undanmun so dei naadde oss ikje fyrr ved næste Skifte att. Soleis tevla me med dei som foor paa Skyss heile Vegen uppetter. Da det leid uti Skymingi, kjende eg det bar til aa verta so nauande saart under eine Vesletaa-Ilken. Totningen bad meg taka av meg Sko og Hosu, og da hadde eg ei stor, vid Blæme paa Ilken. Mannen fann upp ein Ulltraad og ei Stoppenaal or Baklumma, og drog ei Snare i Blæma, og etter det vart gjort kjende eg ikje, at det gjorde vondt under Ilken lenger, og me dreiv og gjekk med same Bør som fyrr. Jau, da Klokka var elleve um Kvelden kom me tilgards i Minne og skunda oss aa faa eit Rom med ein Gong. Me var dei fyrste Framande paa Garden; men eit Kvarter etter vart det so fullt med Folk og Hestar og Kjøregreidur, at det berre urde og krydde — det var grepa gjort av oss, tykte me, detta, aa gaa 6 Mil i eitt einaste Kjør paa 1112 Time.

Ja no har dei no faatt Jernbane den Stubben no, so no slepp Folk aa gaa Blæmur paa Ilkane sine der, meir. Men ho har eg no korkje set eller fari med — eg gav upp med Fehandelen tvo Aar fyrr ho vart ferdig. Det skulde nok vore Moro gjort ei Byferd att enno ein Gong, reist med Bana og set att Byen — han har sagte vaksi soleis i desse 10—12 Aarom, att eg kunde ikje kjenne meg att, er Von. Og dei Kjenningar eg hadde der inne, dei er fulla burte au, dei fleste.“

„Du skulde taka deg ei Byferd no, naar beste Sumaren kjem, so fekk du fara med Eidsvollbana au, finare Baatar er det komi i Mjøsi no, skulde du sjaa, hell „Jernbarden“. Men seg meg eitt: du som ferdast so lenge og paa ymse Stadir, vart du aldri forr, at nokon vilde gaa paa deg for aa snøyde Boki di? Eg veit det var sume Aasar og Skogmoar Handelskarane fyr i Tidom hadde Otte paa seg for.“

„Noko slikt var eg ikje ute for meir hell ein einaste Gong, allt eg foor, og eg er ikje heilt stø um det var Aalvor med di da, heller.