Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/83

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 79 —

Tidi fall ikje lang for oss, naar han fortalde um Ferdine sine ute og heime. Mannen var ei Kjempe, og i sine beste Aar ein av dei evlugaste i heile Bygdi — naar han steig paa, var me ikje lengi um Mili, me tvo. Men desse Dagane me gjekk Helle, var det som eg gledde meg paa kvar Haust, — for den, som er uppvand med di, er no Fjelle det formeste av allt, maa vita, og fær du baade fint Ver og huglegt Følgje, kann du aldri noko gildare tenkje deg hell aa gjera ei slik Ferd.

Men so var det um Hausten i 1845 at det kom Dampbaad i Mjøsi — det var no eit heilt Vedonder, det, ser du, da med di same, og da me kunde spara inn tri Dagar paa Heimferdi med aa taka Baaten, veit du me Fe-Karar byrja fara med „Jernbarden“ istadenfor aa gaa fjell-leides. Og saa var det Ende paa dei hugnadsame Heimferdom. Men etter „Jernbarden“ kom i Gong, fekk me Skaplag med aa gaa Landvegen fraa Byen og til Minne til Kvelds, det var eit stort Hende, at me leigde Skyss.

Eitt av fyrste Aarom Dampbaaten gjekk i Mjøsi, skulde eg gaa detta Skaplage um Hausten, da eg var ferdig i Byen. Det dragna paa Dag fyrr eg kom meg avstad, og da eg gjekk inn og baud Farvel med Fr. Heftye (Heftye & Berg), der me budde, slog Taarnklokka i Bykyrkja 11. „Ja no naar du ikje Minne foruttan Skyss,“ sa Heftye. Eg byrja nidgaa uppetter fraa Byen, og da eg naadde upp i Hakedalen, raaka eg ein Mann som sat i Vegkanten og aat av Nista si. Eg helsa, gav Dag og tala nokre Ord med Mannen, og da han høyrde eg vilde aat Minne til Kvelds for aa vera med „Jernbarden“ um Morgonen, bad han meg aa hevle som snøggast, medan han fekk seg nokre Matbitar til, so skulde det verta Følgje av; for han vilde au paa Baaten um Morgonen. Mannen var fraa Toten, fortalde han, medan eg sat i Vegsbreiddi og venta til han var ferdig; og so klembde me avstad. Men slik Kar til aa gaa har aldri eg raaka korkje fyrr hell sidan; det var mest som denna turrlagde Totningen berre fauk etter Vegen. No var eg fraa Ungdomen av vand med aa gaa baade i Fjell og Finne, og eg veit ikje eg raaka nokon som gjekk fraa meg i dei Dagom; men med denne Mannen vilde det knipast hardt og kunde halde Følgje. Da me hadde