— 78 —
han no au, som hadde i seg nokre duglege Støytar av den gamle Rumen aat Vognmann Olsen. Da me kom upp paa Lykkja att um Eftan, fekk eg sjaa han sat paa ei Matbumbe so kvit i Anlite, som Blode skulde vore vundi ut or honom. Og i same Stundi stod det som eit Tog utor honom, tvert yvi Golve, — jau, det fell mangt til naar ein er ute, ser du.
Eg var no jamt i Byen til andre Tidir hell um Haustane au, eg foor med Smørhandel sume Aar og Skinn og Villvare attaat. Det var i lang Tid eg fanga mykje Ræv i Soksi kvar Vinter — eg lærde den Konsti av ein Bymann heitte Jens Casper, og han var ein slik Ovkar til aa fange Rev, at han var namnspord i baae Akersbygdom. Det var ei Salve han kokte ihop av Gaasefeitt, vill Honing, Muskus, Kamfer, Violrot og enno fleire Slag, ja eg har no Uppskrifti enno, og den Salva smurde han baade Soksi og Agne med. Og eg trur ho gjorde Mun, for eg tyktest merke, at Reven liksom ikje kunde aga seg naar Agne var smurt med den Salva. Attaat dei Revskinni eg sjøl hadde, kjøpte eg dei eg kom yvi i Bygdi, og naar det leid paa Vaarsida foor eg aat Byen med deim. Der selde eg deim til ei kalla seg Madam Svinke; eg veit ho ein Gong kjøpte ein heil Haug Skinn av meg, eg hadde 40 som eg sjøl hadde fanga den Gongen, og den Vintren stod Skinni i 3 Dalar Stykke.
Jau, eg var ikje so lite i Byen ei Tid og var vonoms betre kjend der i Garden; men nokon Hugnad ved Byen og Bylive fann eg ikje og eg kunde aldri trivist der. Nei det eg tykte det var den meste Hugnaden i, medan eg foor med Fehandelen, det var Heimferdi um Haustane, so lengi me foor fjell-leides uppetter. Hadde me gjort ei god Byferd og me fekk fint Ver paa Heimferdi, var det so fritt og sutlaust, og noko meire tylegt hell Fjelle finnst det ikje, naar ein har Tid og Stundir til aa sjaa seg vel umkring. I attan eller tjuge Haustar i Rad gjekk me Fjelle heimetter tvoeine, eg og eine Felagen min. Det var ein gild Kar paa alle Gjerdir, og meire grepa Følgje kunde eg aldri havt — lettværleg og morosom, vissa naar me var tvo-eine, og ein Mann som hadde roynt mangt og set mykje baade i By og Bygd. I 1814 laag han ute og var med i „Fribataljonen“, og fraa dei Dagane hadde han mykje forvitnelege Hende aa fortelja um.