Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/81

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 77 —


Me fekk no sjaa Kongen kom til Byen ein Haust med same me hadde selt av, og det veit du var noko til Stas aa glane paa. Me tykte sagte det bar mest utor, me, naar dei hadde lagt raudt Klæde til aa gaa etter like fraa Bryggja og til Palæe, og Maken til Folkemugje hadde me nok aldri vore med i heller — verre hell den argaste Auksjonsstugu, med Trengsel so du mest ikje kunde vente deg heile Lemir, og Hurraskrik so du fekk Tepp i Øyro. Det var den einaste Gongen eg saag han Karl Johan; han var no gamall vortin da, men bar seg godt, gjorde han, og han hadde slikt eit kvast Uppsynn, at det saag ikje ut til, at han var att-i komin, den Karen.

Og Musikken høyrde me paa mest til kvar Gong han gjekk — mange av oss var svert gjert etter honom. Men me tykte stødt det var underlegt, at Byfolke au flaug likso galne etter Musikken som me, dei, som høyrde han til kvar Tid. Men dersom me Dølekopar ikje varde vel Pengepungane vaare, naar me var ute soleis i Folkestimen i Byen, so glatt det aldri anna hell einkvar kom heim att foruttan. Ein av Felagom mine vart ein Gong svint av med 8—9 Dalar ein Dag me fylgde Musikken. Aa ja, Ulykka var ikje grovt stor, for han hadde Raad til det, hann.

Rett ofte var me bedne i Gjest aat Byfolk som me hadde handla med i aarvis, Kjøpmenn, Handverksmestarar og slike. Mange av deim var rike Folk som heldt stort Hus og hadde Lykkjur og „Landsteder“; hjaa deim veit du det vanka Fagning med Mat og Drykk av finaste Slag og med framande Rettir, som me mest ikje hadde Lag paa aa faa i oss. Og Drykkir so gode at det var spøki, men som drog etter seg so dugande, at tok du deg ikje dess betre i Agt, barst det under Benken fyrr ein sjøl visste av det. Eg minnest so vel enno ein Haust me laag paa Hyrekudsklykkja, me var bedne i Gjest ut paa „Landstedet“ til den rike Vognmann Olsen. Me fekk ein Middag som i eit Herregjestebod, maa vita, eg hugsar no ikkje lenger Tale paa Rettirne, og Vin og fin Konjak, det me vilde ha. Sist fekk me Rum som hadde legi i 15 Aar paa Tidemanns Kjellar, du kan tru det var god Drykk, den Rumen. Men han kjendest ikje sterk aa drikke, og difor var det ein av Følgje mine, ein rakgjord Einstøding var