— 76 —
„Nei det trur eg vel. Eg kann heller ikje klaga paa, at
Sauehandelen min gjekk til Tap for meg, for dei hadde baade
stor og gjild Sau av godt Slag; men det er Ulykka, at det vert
so altfor lang Veg aa jaga deim yvi Fjelle um Vaaren, — dei
fer so ille av denne Rekingi, at det er Fyrst-Lag dei kjem seg att
heile Sumaren etter.
Du gat um at det var ymist med Kosthalde i Fjordingsbygdom som du ikje kunde med, og same eins gjekk det med meg. Men ferme, godæruge Folk aa koma i Hus aat raaka eg kvar eg foor, so det stod ikje paa soleis aa gaa paa Handel der i Bygdom.“
„Den Sauehandelen, du, det er no elles ein snodig og lettvind Handel, det, imot Fehandelen, — ikje vil det so mange Pengar til, og ikje er Vaagande so stort paa nokon Kant. Og so har du ikje Bo aa slite illt paa Sanken um Vaaren eller paa Byferdi um Hausten.“
„De kann so vera det, men lel hadde no dykk Fehandlarar i dine Dagar noko anna til Rentur av Pengane, dykk lagde i Handelen. Og sterke og føre Karar som dei fleste av dykk var, blaksa nok ikje dykk Øyro for ei Verkule Haust eller Vaar. So var det altid baade Hugnad og Moro, for dykk langt uppi Dalen, aa koma ut i Verdi lite meir til kvart Aar; mangt og mykje fekk dykk sjaa og høyre som sidan kunde koma til Nytte paa mange Gjerdine. Paa den Visen kan eg so vel tenkje meg, at Nordbygdine har havt Nytte av Fehandelen for mykje meir hell dei Pengane, dykk aarleg lagde att etter dykk for Drifte-Fee som vart selt.“
„Aa den Moroi aa koma inn i Byen var det ikje so mykje med; for oss var det aa avhende Fee snøggast me kunde, og raaka me Vaatver og det gjekk traatt med Avsetnaden, var det ei hardleg tunn Moro aa liggje paa Lykkjom Dag etter Dag og sjaa, at Fee vart sløngjut og mjogt, og so lortut, at ein ikje kunde skilja kva Slag Dyr det var. Naar me fekk selt av Fee, gjekk me sume Haustar i Byen nokre Dagar. Eitkvart skulde me kjøpe med oss baade for oss sjølve og andre heime i Bygdi, og da veit du det høvde til aa faa høyre og sjaa eit og anna, som var uvandt og framandt for oss og som det var baade Moro og Hugnad i.