Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/8

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 4 —

i Botnen og den steinsette skrinde Helljordi ovanpaa, det skulde mykje Slit, stor Kostna og lang Dyrking til. Difor var det meir hell einn, som krossa seg yvi Far da han i Femtiaars-Alderen fløtte dit og bar til aa byggje og rødja i 1852, ufaatt som det var paa all Gjerd, avstengt og stillt nær som den Tidi Isen laag etter Otta, fraa Julleite til Murimess Tidir, etter som Vintren var til.

Men den Bolken var det nokk av Liv og Rørsle paa Garden seint og tidleg, for han laag soleis til, at der lout Ferdi ha Kvilestaden sin antell ho foor ut hell upp. Og lettvint va det aa koma tilgards, Husi laag ikje meir hell eit skikkelegt Haglskot fraa Isen; heller ikje var det nokon annan Stad aa taka inn for Ferda-folk med Øyk paa ei Stroku paa 2 gamle Mil. Soleis var Garden ein folkekjømd Stad i nokre Aar til den nye Bygdavegen vart bygd paa hi Sida av Elvi i 1860 og 61.

Dei siste Aari før Vegen vart bygd, var eg sovidt uppvaksin, at eg endsa etter Live umkring meg, og Sjouen og Stime av dette skiftande og urolege Ferdalive Vintren igjønom, beit seg fast i Minne. For det var ei hugnadsam Tid, tykte eg, naar Ferdi lausna fyrri Jul, denne roglute Radi av Hestor og Varski-Lass, Dumbjøllar og Stallvekkjur, frammande Folk i Pelsar og Sauskinnkjolar med roue Skjerf um Live og Storstøvlar paa Beinom. Solenge denne Tide vara, sakna eg mindre Leikebrør, som eg ikje aatte, for Ferdi hadde stødt noko nytt aa bjo paa til kvar Dag.

Og han Far, som sjøl hadde fari umkring vidt og breidt paa Fehandel, heilt til han fløtte paa Garden, hadde ikje imot aa raaka Folk fraa ymse Leidir til kvar Tid. Paa den Gjerdi fekk han høyre Nytt fraa By og Bygd, Marknadsprisar og slike Ting som Handelskarar stødt har Liv for. Ikje var det langt imillom, at det millom Ferdafolke var med ein gamall Kjenning, heller, og da vart gamle Minni fraa Handelslive nya upp att. Enno var det ikje Blad til aa bera nytt inn i Grendi og difor var det Ferdmenn og Handelskarar, Skreppekarar og langfarandes Folk, som bar med seg Tiend um det, som røyvde seg i Verdi uttanumkring.

Den som tykte mindst um det urolege Live paa Garden um Vintrane og fann liten Hugna i det, var ho Mor, og eg veit ho ofte var hjarteleg kjeid og lei heile Røra og yngskte, at Vintren