Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/79

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 75 —

Naut, spurde eg um Prisen. „Ho fær fulla gaa for 3 Dalar,“ sa Mannen. „Kann du ikje gjera det med 212“ spurde eg. Jau, han kunde altid det, au, og med di handla me um Kviga. Men eg fekk ein liten Tvil i meg um, at det var paa Voni um det var alt so rett vori med den Kviga, etter di han var so viljug til aa avhende ho til den Prisen. Paa Ferdi yvi Fjelle hadde eg Augo etter henne heile Tidi, men eg var ikje Kar til aa merke noko Lyte ved ho.

Med Sankingi og Ferdi yvi Fjelle gjekk det baade greidt og vel baae Gongane; eg foor Raudalen, maa vita, kvar Gong. Denne siste Ferdi hadde me so overlag til gode Ver og allt hadde vore berre som ein Leik for oss da me naadde Framrustsætri, paa Skjaaksida av Fjelle, seint paa Kveld andre Dagen. Me laag der um Natti og tidleg um Morgonen, so um Lag Klokka fire, stod eg upp for aa sjaa um Fee heldt seg rolegt. Drifti laag umkring Sæterhusi, urta so velnøgd og maka seg i Morgonsoli. Den Triaarings-Kviga eg kjøbte i Ølden laag paa ein litin Sandbakke for seg sjøl, og det slikte i det blaadroplute Skinne hennar i Soli. Medan eg stod der og tenkte meg til aa faa Sæterjenta til aa mjølke Fee for meg, reis Kviga upp, rette seg og strekte ymse Bakfot beint attende, skaut so upp Ryggen og sette Rumpetangin beint tilvers. Som ho var ferdig med denne Maøykingi av Kroppen sin, bar ho til aa krøkje seg ihop meir og meir til eine Sida, radt til ho naadde Jure med Mulen, og so sette ho paa aa suge seg! Da ho hadde tømt vel paa ei Sida, slog ho Krok paa seg aat hi Leidi og gjorde same eins der — saug so Mjølkestrengen stod i Marki attaat det, ho vanst aa svelje. Hm — var det soleis det hadde seg med Godkjøpe! Aa ja, ho var no ingi Ku den Nysylvklukka du tok i verde med for Merri, hell, men so skal du nok vita det er eitkvart skjeivbroti med Merri, au, tenkte eg med same. Men Merri ho var baade rein og rett, ho, likevel og eg selde henne att for attan Dalar da eg kom heim i Grendi med henne.

Det var ikje Fe til aa koma aat Byen eller utyvi Bygdine med, dette Fjordingsfee, veit du; eg selde det att til Bygdefolk straks eg kom til Bygdar; og det var ikje dei laakaste Handelsferdir eg gjorde, dei tvo ned i Nordfjord.“