Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/78

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 74 —

framande Karar der, du har staa-ande i opne Dagen so mykje Pengar?“

„Aa,“ sa Mannen, „eg kann nok sjaa kva Folk eg har aa gjera med og desse Pengane hadde eg ingin Otte for. Du skal sjaa eg har meir Pengar her, eg,“ og dimed drog han fram undan Sengi, der eg laag, eit Skrin som stod med Nykilen i Laase, let upp Loke og tedde meg minst ein Gong til so mange Pengar som i Koparskaali. „Ja, men brukar du detta Spele stendigt, du Mann,“ sa eg, „so fær snart baade Skrine og Koparskaali Føter aa gaa paa.“ Han berre log aat meg. „Aa, det kann no hende eg ikje let kvar som kjem farande liggje her, heller“ svara han. Men det var sagte ikje mykje av Stuld i dei Bygdom, naar dei kunde kjenne seg so trygge.

Eg kjøpte 30 Festykke, Kjyr og Kvigur, den fyrste Venda eg var i Fjordom, den siste kjøpte eg godt og vel halvt Hundrad paa Tal. Prisane var ikje store den Tidi, veit du: tri til fire Dalar for ei medels Ku var det vanlege; sume kunde eg gjeva fem Dalar for, men da var det au av dei største og lugumaste Mjølkekjyr dei aatte i Bygdi.

Ein Dag laante eg meg Baat og rodde ut i Olden, skulde freiste skrapa samen nokre Kjyr der au, da det vanta meg nokre fyrr eg hadde dei, eg vilde. Jau, det vart baade Fehandel og Hestehandel av um Dagen, so eg tykte sjøl, at eg gjorde ei grepa Ferd. Paa ein Gard der ute baud Mannen meg ei tri Aars Ungmerr, og da ho saag skapleg ut, spurde eg kva han vilde ha i Millomlag i ei Spindelklokke av Nysylv eg gjekk med i Vestelumma. Han maatte ha 2 Dalar, skaut han paa, men eg baud 112 um eg fekk med eit nytt, fint „Ormehugubeisl“, eg saag hekk paa Stallveggen. Nei det Beisle vilde han ikje gjera av med; men eg kunde godt faa eit anna Beisl, i kvar Stad so godt, berre det var ikje „Ormehugu“ paa. Det vart Handel med oss paa den Gjerdi. Men da eg hadde set Skimten av ei lugum rausiute Ku med same eg kom paa Garden, spurde eg etter um ho kunde vera fal. Nei, ikje ho, men vilde eg kjøpe ei tri Aar gamall Kvige, so kunde eg det faa — ho hadde bori fyrste Kalven um Vaaren og hann heldt no Kviga fullt so god, som den raudsiute Kui. Me saag paa Kviga og da det var eit velfalli