— 73 —
var etter Fjellferdi um Dagen. Dei berre mana paa meg at eg maatte danse so eg var nære sprengd, da eg endeleg fekk Lov aa gjeva upp.
Dei spara ikje paa det gode Hausøle sitt i Lage og Russebollane gjekk rundt baade jamt og samt. Eg kjende til det Øle fyrr og visste, at det var ein speleg Torstedrikk; men han Morbror, Jostin, maa vita, kom ikje paa aa tenkje at det kunde setja seg uppi Knappen, hann — Øl er Øl, meinte han, antell det er i Gudbrandsdalen hell Nordfjord og tyrst som han var etter Fjellferdi, hadde han drukki seg vel utyrst av det gode Øle. Jau, da eg hadde gjort fraa meg Dansen, fekk eg sjaa han Morbror sat ihopsigin i ei Kraa innan Borde, bleik som eit Lik og meire lik til aa vera dau hell livandes. Eg maatte spørja Mannen i Huse kvar me skulde ha Nattelega vaar, og han viste meg eit Loft me kunde faa liggje i kva Tid me sjølve vilde. Dimed tok eg han Morbror og bar han upp paa Lofte som eg skulde bore ein Unge, han var so forrkomin, at han drog ikje paa Augkvarmane ein Gong. Eg stod med i Dansen enno ei Vende eller tvo, so gjekk eg og lagde meg i Lofte, eg au.
Um Morgon da Soli kom i det vesle Loftglase, var eg vakin med same og bar til aa sjaa umkring meg i det vesle, velstelte Rome. Det var uvant aa sjaa, at det var Velstandsfolk me var komne til, for paa alle Veggir hekk det fullt med nye Gongklæde, og paa Slindir under Take hekk det i mengdetal med nye Ryur — ja eg er viss um eg lyg ikje, naar eg sejer at det var di tri Tylvtir. So mykje Sengklæde har eg ikje set i ein Smaamanns Hus, so vidt eg har fari umkring.
Men det var anna hell Klæde au der, saag det ut for. Da eg saag meg betre um, stod det ei vonoms drjugare Koparskaal paa ein Benk tett med Sengi, dyrande full med Sylvpening, Femort-Dalar, Halvdalar, Markstykke og Tolvskillingar. Eg vart undrin paa detta, og da eg tenkte meg um, vart eg harm, au; for eg tenkte som so, at Mannen kanhende vilde setja Prøve paa, um me var ærlege Folk, me tvo Norddøline. Trast etter kom Mannen sjøl upp paa Lofte med ein Morgonskjenk aat oss.
„Men du lyt vera ein framifraa vyrdslaus Mann med Pengom dine,“ sa eg; „kva kann du meine med aa leggje tvo lang-