Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/76

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 72 —

so urimeleg seig, at eg skulde dregji ho rundt um Husveggjine. I Grov og i Gutdalen var dei kjende med Kosten eg var uppvand med, og med di eg vart liksom huskjend der med same eg kom aat Bygdi, søkte eg attende aat ein av dei Stadom til Natti, so lengi eg kunde rekke, um eg kunde ha baade ei og tvo Mil aa gaa um Kvelden. Men det var gjestmilde og huglege Folk aa koma i Hus hjaa; reint jamfari sat dei godt til paa dei smaae Gardom sine og det saag ikje ut til, aa finnast Fatigfolk aa kalle, so vidt eg foor.

Da eg var i Nordfjord paa Fehandel den siste Venda, hadde eg med meg han Ola Morbror, „Jostin“ me kalla. Han var gamall Lauskar og hadde gode Stundir all sin Dag, og huga til aa reka Land og Strand var han au, so ho maata honom grepa denne Ferdi. Elles var han no eit stort Guds Tufs til Kar som det var lite Gagn i med kva han tok seg forr — reint eit Marmelde, og var det so det galdt baade paa Umtanke og snøgg Avgjerd, vart han stødt staa-ande som han var valin.

Den Eftan me kom ned av Fjelle og naadde ein av fyrste Gardom i Uppstryn, var me baade trøtte av Vegen og matslitne, for me hadde gjort ei drug Dagsferd og dugande varmt var det au, til aa vera so tidlegt paa Sumaren. Me gjekk difor fram paa Garden og vilde beda Hus. Jau, da raaka me uppi det, var likt til: dei drakk Brudlaup i Huse og Stugu var stappande full av Folk. Da me saag det var soleis vori, vilde me gaa att med same, men Mannen i Huse bad oss berre gjeva oss til der. Hus og Sengerom skulde det ikje trjote og um me ikje vilde forsmaa, vilde han gjerne at me gjorde Huse og Brufolki den Æra aa smaka paa Øle og Bruramaten. Soleis vart me verande i Brudlaupsgarden, og vart imottekne som dei gjævaste Gjestir paa alle Vis. Eg var no i dei beste Aarom mine enno, og da dei sette paa med, at eg maatte upp og danse med Bruri, let eg meg ikje just naudbeda um det. No var ikje eg nokon Dansar som var nemnande her i Heimbygdi; eg kunde greide ein Springdans og gjera eit maatelegt Rundkast, men ikje so det vilde verta halde for noko større her i Bygdi. Men der i Brudlaupe tykte dei eg var ein heil Kolv paa Dansargolve, og sto reint handfallne og bisna paa Rundkasti eg foor og slengde med, veg-rekt som eg