— 271 —
tru, vissa den fyrste Vaaren eg kom ned der — det var meg som eg skulde komi millom eit anna Folkeferd til eg vandest med deim. Alting var meg framandt og braut av fraa di eg var van med her i Dalen og paa Austlandsbygdom. Ein veit mest ikje korleis ein skal bera seg aat, maa vita, naar ein ikje kjenner, kva som er Folkeskikk og Bygdesed. Gardsstell og Husstell allt igjenom var meire gamalldags og lite framkomi mot her i Heimbygdi, og noko av det, som trast fall meg mest framandt var Røykstugune, det var som eg skulde stige inni ei annor Verd, tykte eg naar eg kom innum Dørstokken og Huse laag halvdimt i Ljosken fraa Ljoren. Her i Bygdi fanst det altid att Røykstugur, Ljorhus, me kalla, paa fire, fem gamle Sætrir, og dei var no halde mest som Merke paa eit laakt og utlivd Sæterstell, au. Men so vidt eg foor umkring i baae Strynsbygdom, saag eg ikje rett Skorstein meir hell paa tvo Stadir, og det var hjaa Jakob Grov og Harald Gutdal. Men ikje for di, da eg kom i Vane med deim, var ikje Røykstugune til aa styggjast ved; det var baade friskt og godt inne i deim, og heller ikje var dei ufjelge eller uhuglege. Lite myrkvorne og tunge var dei nok for meg, men det var likevel forunderlegt kor mykje Dagsljos det slapp inn gjenom Ljoren, naar Vere var uppljost, da.
Men so bratte Lidir og tronge Dalføre som i Strynsbygdom, har eg aldri set, kvar eg har fari. Det lydest utruande, men det var ein Stad eg var inne paa ein Gard, eg saag Ku og Gjeit gjenom Ljoren, saag dei gjekk hamna seg uppi Bergskortom. For meg saag det ut til aa vera eit stort Vaaga-Spel, aa sleppe Krøtur paa Hamn i slikt Lende, og det hende nok au jamnan, at det „kanta“ Nauta-Krøtur og slog seg ihel. Fleire Stadir der eg foor og rak hadde dei ferskt Kjøt aa bjo til Maals, og naar eg spurde korleis det kunde koma seg, at dei hadde ferskt Kjøt paa den Aarstidi, svara dei at det var „Kantakjøt“.
Dei var ikje langt fram komne med Husstelle sit der i Bygdom i dei Dagom og laag grovt langt etter vore Bygdir med di; difor vart det meg i mange Ting so uvant i Matvegen og imot min Smak, at det hende eg gjekk Dagen so lang han var foruttan aa smaka Mat. Mest fanst eg aat den Mjølki eg fekk, det skulde visst vera Tette-Mjølk, men ho var so lei i Smak og