Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/74

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 70 —

„Stillingen“[1] dei kjøpte. Det er so underlegt med di, naar det kjem Handelskar i Huse; det er Raad til aa faa svint nokre kontante Pengar i Pungen da, — um ein har noko aa yte. Og Pengar er det stødt trongt um, so det fær fulla gaa eit Par Stillingar likevel, um det just ikje var Meiningi fraa Fysstune- aa selja fleire, hell dei Sauekaren kjøpte da han foor i Vinter.

Um Kvelden da Vaaronn-Karane aat Kveldvorden, kjem det ein Faabergsgut, som no i fleire Aar hadde gaatt paa Saueihandel i Nordbygdom, og tinga seg Hus. Dei too fyrre Aar- hadde han ikje vori inne heime, men han helsar kjend paa Far og Mor, set seg fram aat Aaren og tek til aa karve Tobak i Pipa.

„Me trudde du hadde slutta med Sauehandelen me, Simen, for det er minst tvoug Aar sidan me saag deg i Bygdi,“ sejer Far. „Aa eg skal ikje det tru, men eg har liksom vore burti eit framandt Land no, Gut, i tvoug Aar og fare med Sauhandel, — ivaar var eg au halvvori i Tankom um aa gjort det same, men eg vart so tverrande uhuga da eg kom paa Vegen. No lyt eg sjaa til um eg kan skrapa ihop ei skarve Drift; men du veit det vert berre Skrap no, eg er so seint ute — eg har enno ikje kjøpt fyrste Sauen sidan eg foor heiman. Jau, Gut, desse too fyrre Vaarane har eg vori radt ned i Fjordom og kjøpt Sau i Strynsbygdom.“

„Nei høyr der! so du au har vore i Nordfjordsbygdom paa Handel? Det var Moro aa høyre; eg skulde ikje vera reint framand der, eg hell, maa vita, men du veit fulla ikje av, at eg var der tvo Vendur paa Fehandel, baade i 1837 og 38. Me lyt vera um oss paa alle Kantar me, som skal drive Handel, veit du, og da eg saag at dei Fjordingskjyrne, som Stemnfjordingane kom yvi Fjelle med til kvar Sumar, var gode aa avhende, fann eg paa aa fara ned i Strynsbygdine og kjøpe tvo Driftir. Smaalenningar og Husmenn lika dei smaae Kjyrne, dei var godfødde og aalætte og ikje so innpaa til aa gjeva i Bytta, mange av deim vart Mjølkekjyr av beste Slag.

Det var underlegt for meg aa koma paa Vestlande, kan du

  1. Stilling: aarsgamall Sau.