Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/73

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 69 —

vert det no grepa Kvenne-Gong i dei smaa Kvennhusom Folk har i desse tvo Bekkjom.

Me har dosna fraa oss paa Liarustbekken og Per og den andre Mannen legg seg til aa kvile — dei har enno att ein Stubb av Dugurdskvildi. Men ikje fyrr har dei lagt seg, fyrr det tyt eit høgt, mangmaalugt Sauebræk fraa hi Sida av Elvi, og da me ser til, yrer og kryr det med Sau etter den ny Kjørvegen som vart ferdig for ei Viku sidan, aaltekt med Sau midt etter Vegen og til baae Sidur, minst tri Steinkast langt. Fyri gaar det ein graaklædd Kar og lokkar og etter kjem ein annan graaklædd ein som har med seg ein Gutunge; dei tvo stomar og jagar. Sauine aular som Mauren i Tuva millom Furutallom, kjyller nedetter Veghalle mot Elvi og høgg seg fast kvar dei kjem yvi eit grønt Straa. Gutungen driv med ei lang Svipu og er etter deim høgt og laagt, den vaksne Karen kastar med Stein etter deim, som freistar paa aa smette seg avsides eller gjeva seg att. Og heile Tidi lyder Bræke, eit stort Klagemaal for Svult og Ilengjing attende til Heimstaden; etter som Sauedrifti fer følgjer ei Sky med Dumbe etter Vegen som naar ei Reid med Hestar kjem traavande.

Gamle-Per les ei stygg Bøn — „idag er det ikje bjoande til aa faa Kvildi si, lel! No kjem det rekande ein av dessa Gausdølom med ei Drift so lang som baade idag og imorgon med svoltin Loms-Sau — sjaa kor det kryr! Ja det er no den fyrste Drifti i Aar, detta, men innan den siste er fari, har det rekt mang ein Sau etter den nye Vegen,“ sa han noko mildare, da Harmen snøgt gav seg. Og Gamlen hadde noko aa fara i; for mest til kvar Dag i fjortan Dagars Tid foor det ei og tvo Sauedriftir utyvi Dalen, og Ottdøline fekk det andsamt med aa møte upp paa tilsagde Stadir med den „Saukjøpar-Sauen“, dei hadde selt. Naar Saukjøparane foor nordetter paa „Sank“, heilt øvst uppi Lom og Sjaak, var dei framme og „sa til“ Seljarane, dagstødde Tidi og fastsette Staden kvar dei vilde taka imot, naar dei kom nedyvi Dalen att. Til avsides Gardar og Plassar som laag tungvint til, fekk dei senda Bod med Gutungar og Kjeringar, og med di slapp dei aa gjera altfor store Krokar fraa Bygdevegen. Samstundes medan dei gjekk og „sa til“, fekk dei fale einkvar