— 67 —
Bismarpund istadenfor 15 — stødt vilde det henge med mykje lett og smalt Byg au, i det desse Kornhandlarane hadde aa selja. Men so var det ikje nokon i ei Bygd som Smaamannen hata so hjarteleg heller, som mange av dei Gardmenn og Avlsbrukarar[1], som dreiv med Kornhandel.
Folk driv som skarpast med Vaaronni i heile Grendi og heime pløgjer Per med Sota og Rugsvebrunen. Det er eit gjildt Krøkje og han kjenner seg byrg naar han fer med dei kipne Øykjom til og fraa Plogteigen — han legg seg kjeik i Taumane og gjer Streitleggir med dei tunne Beini, held atti, og skrik morsk: „Jaalbeist! — kann døkk ikje gaa som andre Øykir!“
Soli skin varmt og Saagidren braglar fraa den nypløgde Jordi; Elvi held paa aa „dreg seg“ og fær att meir og meir den djupe, tunge Søgen ho har, naar ho kjem uppi Sumarstøde. Idag er det so varmt i Vere, og Marki so turr, der det er lite upprisi, at Per og den Mannen som er med honom vil kvile etter Dugurden paa fri Gard. Dei kveikjer Pipune og legg seg i Solbakken ved Laaven.
Just da Per vel hadde stukki Pipa i Lumma og blunda att Augo, kjem det ein avraadin Dyn fraa uppi Høbruni; det lydest yvi heile Dalen, høgre hell Elvesøgen, og me kjenner liksom Jordi skjelv. Dei tvo, som kviler til Dugurds, kjem svint upp att og alle inne i Stugo kjem ut og vil sjaa. Me veit alle med di same kva som er i Braki: det er Liarustbekken som „kjem“ — det visse Merke paa, at det endelig er vorti fullgodt Ver heilt til Fjells.
Denne Bekken kjem fraa ei Tjønn inni Fjelle og Tjønni ligg i ei djup Søkk, som Snøvatne sig aat, etter som Fonnine braanar. Til Slutt er heile den djupe, vide Søkki full og sprengjer hardare og hardare paa den digre Fonni som stengjer Utloupe ned-mot Lidi — ho ligg i Skugge og Bak-Lur, so ho enno har teki imot. Men Soli bræder og bræder, Fonni losnar upp og
- ↑ Avlsbrukar er ein som leiger Bruke av ein Part (oftast det halve) i Garden for ein Sum han vert samd med Eigaren um. Ved sume Leigur gjorde Eigaren allt Vaaronn-Arbeide og Saagjerdi medan Leigaren var med og vann sin Part i Hus og treskte Loi um vintren; ved sume gjorde Eigaren allt Arbeide so nær som Treskningi. Avlsbrukarane dreiv Kornhandel og Handel med Høy og Halm.