Ferdmanns-Kvila.
I dei graae Gamle-Tidom stod det inndemt eit Vatn i denne Bergglipa, men etter som Tidirne gjekk skar Utloupe seg ned og ned og sist kvorv Vatne burt, so det sist var att berre ei vid Fløyme nordanfor Eidsfossen. Og etter hundretals Aar aat Vatne seg so djupt ned-i „Fossbergi“ ou, at Fløyma vart burte og Strondi laag att med Sand og Øyr og store Vatsdammar, heilt inn under Bakkane der den bratte Lidi byrgjar rise upp. No vart de ei sur, stygg Myr der Fløyma førr hadde vore, og so langt ned i Tidom, som den Gongen „Skottane foor“, stod Myrtuvune runde og høge paa ein smal Stett yvi heile Flaaten. Dei va løynske desse Tuvune, vaaga nokon til aa setja Foten paa dei, volt dei ivi Rygg, men mange vaaga det lel naar Hausten kom, for da stod dei gule av Molte. Berre tvo Ris laag so høgt, at dei bar Skog og Graslende. Dette Myrlende nede ved Elvi og Lidine ovanfor, fraa Fyru til Fjells vart Kongens Eigedom og gjekk paa Bygsel millom Eigarom av ymse av Storgardom i Bygden i 200 Aar. Da var det nokon, som kjøpte det til Odel, for det var gjild Furuskog i den bratte Lidi og nedunder mot Myrlende var det Utslaattar i Glennom. Paa dei tvo Risom fekk tvo Husmenn hengje seg inn-paa og rødja og byggje. Trast etter kom „Offsin“ i 1789 og øyrde fullt heile Myrlende med Skriujord og fløymde utyvi dei tvo Plassane med. Med di vart Myrtuvune burte og Lende var jemnt og fladt etter heile Flaaten, men aa faa nokor Gjerd paa denne Jordeiga med den sure Myri