— 65 —
saag ho paa Saufjosmønaen den fyrste Gongen. Igaar Efta trudde han at han saag Svolo au, det var han elles ikje stø um men Graagaas-Reip hadde han set fleire av. Den siste Viko hadde det fari Straumand-Steggir nordetter Elvi mest til kvar Dag. Far saag etter deim au ein Morgon; han rengde det Blaae ut paa Raudhuva si, tok Rifla og gjekk sør til Fosshølen; for der brukte Straumandi stødt aa halde seg nokre Dagar. Men han kom til aa gaa i Maafaa.
Per undrast paa det, at Gauken enno drygde med aa lata seg høyre. Me har no den tiande Mai idag og da skulde han vera her etter gamallt; for han slepp aa gala i svartan Ved i Vaar — Bjørkelauve er allt større hell eit Musøyra paa Skrido ved Rinda.
Jau endeleg er det vorte Vaar for Aalvor og meir hell ei Smaamanns-Kjering letna for Bringa, da ho fekk Krøturi fram paa Tuva — enda det var illt nok aa sjaa deim gaa der beinberre og haarlause, vissa dei Dagane naar Nordanvinden kom att, kald og bitandest. Dei kunde nok storleg trongi ein litin Vondul med same dei vart sett paa Baasen att um Kveldane — og det gjorde illt aa sjaa deim følgje deg med Augom og undrast, um dei ikje fekk ein Munnfull Høy til Kvelds attpaa den ut-faadde Dauingen og det fjorgamle Lauve, dei hadde fyllt seg med.
Han var utor Maaten sein og hard Vaaren i Aar og det vart Forløyse paa mest alle; Smaamennar som ikje aatte Øyk gjekk over Skriduskarde og bar Halm paa Ryggen ei Mils Veg fraa Grannebygdi. Lang var Vegen og stor var Prisen, men at dei maatte gjeva slike Blodpening, hadde dei ikje tenkt seg: ei Vog u-etandes, halvroten Myr-Storr og ei Vog tur, skinin Halm vart sette saman for 1 Dalar! Dei fleste vilde leggje att Storr-Vogi ved Laav-Veggen, men dei maatte bera ho av Grunne iminste, For-Handlaren vilde ha Laaven tømt og Garden fri. Men kva lyt ikje ein gaa paa for aa halde Liv i Krøturi. Rett denne Fornødi som berre kom att like ille mest til kvar Vaar! — kor illt Smaafolk fekk lide av den. Naar det vesle Høystaale bar til aa minke ihop fyrri Murimess, Loi var avtreskt og Halmen uppgjevin, da var ikje dei vonde Tidir langt undan — Kjeringi