— 64 —
Gampar, at eg har ikje lagt meir den eine hell den andre av deim paa Minne.“ „Ja, det var ikje noko gali med di, ikje soleis; for det gjekk knakandest godt, det, Gut! Eg tente Pengar paa Hesten, eg — det gjekk svært godt det, Gut.“ Da eg høyrde det, bar det til aa ro for meg, meir og meir, at me visst handla med ein brunblakk Hest eg sjøl hadde bytt aat meg i Byvegen. „Ja, kom no, so skal me faa oss ei reideleg Kjøpskaal paa den Handelen. Ifjor hadde du so hoggande smaatt um Tid, da me handla um Blakken, at me ikje kunde taka eit Glas. No lyt me ha det; for det gjekk bitterdø godt med Brunblakken, ser du.“
Ja soleis kan det skeive til; men det er mangein Gong ein rotin Handel, den Hestehandelen. Eg er vortin meir og meire leid han etter kvart. Men so er det no soleis da, maa vita, ein kan svintar tene nokre Dalar med Hestehandel, naar det gaar heppelegt, hell med nokon annan Handel.“
Smaatt etter Hand har Vintren lote slept Take att, Soli har vunne seg høgt upp-um dei høgste Eggir og Knausar og i Solsida er det ho, som allt for ei Tid sidan fekk Yvitake. Otta har reinska seg for Is so berre dei tjukke Brunine ligg att, graagule og uskirne, inn etter Fjørune. Fraa øvst i Høbruni paa Baksida av Dalen og til halvmidt ned i den bratte Lidi ligg Snøen tjukk enda; men for kvar Dag som gaar tærer fleire og fleire Randar, Ryggir og Tuvur seg upp gjenom Snøkaapa og jamnt og samt aukar Berrmarki upp etter. Sudhalline som den Dag i Gaar laag kvite og glima i Morgosoli, er idag baade grimute og gaarute, og nord i „Klove“ i Hovdaspiggen, der Snøen løyp ned-i fraa den stupbratte Bergveggen kvar Gong det kjem ein Snø-Dett heile Vintren, gjekk det i Gaar den eine Skrido etter den andre, Gaupn etter Gaupn kom støytande og lagde seg i ei Myrju i den store, grisne Urdi nedunder.
Vaaren er komin. Linerla hoppar kvirv og lettværleg i Plogfori og hemtar den gule Aakermakken; ho kom tidleg i Aar og Gamle-Per spaadde, at det skulde verta langt Lin, da han