— 63 —
Prisen au, men so skulde me endeleg inn paa eit Hotell og taka oss eit Glas medan me gjorde av fast Handel um Blakken. Han Kristen i Vik, den eine Felagen min, var au med oss, og Tenestguten til Urskogpresten stod att ute, skulde sjaa til Brunblakken; han stod bundin paa eit opi Spiltaag i Bakgarden. Allt tykte eg var likt til aa make seg so vel for meg.
Best me sat og godgjorde oss, stikk Tenestguten Nasen inn i Døri og bad Husbondskaren koma ut — trast ette kom det Bod paa meg au. „Nei men kva er tids, kva er tids?“ spurde han Kristen. „Aa nei, det er no fulla ikje noko tids, veit eg,“ svara eg — enda eg skjøna forbanna so vel kva som var tids, tømde vel or Glase mitt og gjekk etter ut. Ja Brunblakken hadde funni paa hoggi Tenn i Krubba, han, maa vita, og laati ein god Knubb-Bit-Slaatt aat Tenestguten. So den Gongen vart det Gryte av heile Leiken.
Dagen etter var eg i Byen att og kom i Akkedering um Blakken med ein ung, fin Kar, og me vart samde um Prisen. Eg skulde følgje med burt-i Hotelle der han budde og faa Pengane, men no tenkte eg, det var best aa vera fyri var. Me møtte ein av Heimbygdingom mine, han gamle Arne Hagtun, og han bad eg følgje med og halde Blakken i Beisle medan eg fekk Uppgjerdsle. Og det var Gamlen viljug til, for han hadde nok som ei Von um, at det kom til aa vanke ein Dram for Umaken. Jou, den Gongen gjekk det, du, og du kan tru eg hegda ikje med Bollen aat honom Arne.
Aare etter, da eg var i Byen um Hausten, var det ein Dag eg gjekk i mine eigne Tankar etter Storgata. Da visste eg ikje Orde av fyrr eg fekk eit Slag paa eine Oksli, og da eg snudde paa Hugu saag eg beint i Augo paa den fine Mannen, som kjøpte Brunblakken av meg. Hm, no skal du bitlade faa høyre paa ei Tekst som gaar innum Skinne!
„Kjenner du meg att?“ spurde han. Eg til aa gruna og gruna, men var ikje Kar um aa draga den mindste Kjendsl paa han hell minnast, at eg hadde set han for mine Augo fyrr her i denne synduge Verdi. „Hugsar du ikje at du selde ein brunblakk Gamp i Fjorhaust?“ „Jou, det var nok Von eg det gjorde, men eg har baade kjøpt og selt so mange baade brune og blakke