— 62 —
Me budde i Hus hjaa ein gamal Smed tett med Fehamni
vaar. Eg var gamall kjend i Huse, og Smeden var som han
skulde vori Far min paa all Vis, so dant var det med oss tvo.
Difor var det Ja straks eg bad um aa faa sleppe Nyhesten min
paa Haabeite hjaa Gamlingen. Skal undrast paa, kva Fa’n det
er som vantar denna Gampen? tenkte eg for meg sjøl. Eit Lyte
maa han ha, men fær eg deg paa Tvomandshand i nokro Dagar,
skal du nok ut med det.
Eg gjekk og kjøgla og glytta til kvar Tid etter den nye Øykjen, var stad aa trivla kvar ein Led som fanns paa dei fire Beinom hans, ransaka Kjeft og Tanngard radt ned i Tungrøtane, prøvde um han var takskjerr, stad eller mannbitsk eller vond aa sko — nei ingen Vedsens Ting kunde eg verta var. Ikje var han avlaus heller, for det sette eg Prøve paa. Hm, det ser mest ut til, det var ein Fagnamann eg raaka, lel, denne Gongen! So godt hadde eg ikje venta meg aa vende Brunblakka, da eg kjøpte ho nord i Blessombakkom um Sumaren.
Gampen gjekk i tvo Dagar og han gjekk i tri paa Haabeite hjaa Smeden. Eg reid paa honom og kjørde med honom baade i Gong, i Traav og i Renn — prøvde han paa alle dei Visi, eg kunde upptenkje — laag lange Stundir og saag paa han, og stod gjynte attmed Hus-Novom etter honom, naar han gjekk i Sjøldule. Nei, da eg inginting merkte, vart eg so trygg at eg sette meg fyri, aa rusle ned i Byen med honom fjorde Dagen. Eg lagde paa han Beisle, leidde han up i Gardsrome til Smeden og batt han i ei tom Høykjerre, medan eg sjøl gjekk upp paa Rome mitt for aa fjelge meg lite til Byferdi.
Men da eg kom ut paa Troppi att, skal eg seja deg eg fekk eit hugnalegt Syn for Augom — der hogg Brunblakken med Tennom i Kjerrekarmen so berre Flisine dreiv, drog Vombi uppi seg so det sprikte for Ryggjetavla, og — gurpa so det ljoma i Gardsrome! Aa hin — er det soleis du har det! — takke til, den som hadde mi eigi skarve Brunblakke likevel, da!
Nede i Byen kom eg Vonom snarare i Akkedas um Hestehandel med Husbondskaren til Presten i Urskog. Han reiste just etter aa kjøpe ein lugum Brukshest til Presten, og Brunblakken fall honom godt i Augo. Me vart paa det næraste samde um