— 61 —
paa ei brunblakk Merr eg kjøpte av Trondheims-Fjordingane um Vaaren, og da eg foor attende til aa møte Fee og deim, som dreiv det, møtte eg ein Mann like ved By-Grensa, som au reid paa ein brunblakk Øyk, medels stor og meir førlagd hell Merri eg hadde. Mannen baud meg so svint aa byte Hestar, da vi møttest i Vegen. Ja, eg var no ute paa Handel, eg, kor som var; men eg vart noko undrin paa detta; for eg saag med ein Gong, at det var hardleg gjildare Hest han hadde hell eg — i sine beste Aar og full og feit. Merri mi var noko upp i Aari, og so maateleg i Hold, som Fjordingsøykjine oftast er det fysste Aare, etter dei kjem upp. Eg tykte ikje eg kunde slaa til paa Flekken heller, for dette kom so braadt, enda det var greidt som Fot i Hosu, at det vilde vera eit grepa Byte for meg — um Hesten hans var rein og rett, da. Og paa Snakke hans tyktest eg aa skjøne, at eg kunde faa byte likt.
„Ja no har ikje eg Tidir til aa drygje lenger,“ sa eg; Fedrifti mi er paa reide Hand, so eg lyt imots ved ho; men er det so, at du tenkjer aalvorsleg paa Hestebyte, kan du ride ut i Sinsenbakkane og halde deg der til me kjem der um ein halv Times Tid, so fær me sjaa, um det kunde draga ihop med oss?“ Dimed reid eg min Veg, møtte Drifti og dei hine Følgjesveinom mine og gav deim Greide paa Hamnelykkja, Husvære og slikt meir. Og med same me naadde Sinsenbakkom, jau, bitlade, sat ikje Mannen paa den brunblakke Hesten der og venta, ropte imot meg lang Veg og spurde, um eg hadde teki so mykje Vit aat meg no, at eg vilde gjeva honom det Millomlage han kravde — ja me kravde no Millomlag baae tvo, maa vita, da me skildest ved Bygrensa. Nei, meinte eg, det Vite fær eg nok aldri heller. „Men korleis er det med dine Vit? Gjev du meg det, eg vil ha i Byte?“ „Slik Slag, eg slær av det Halve,“ svara han. „Nei ikje so mykje som ein dansk Kvit fær du av meg; men, for aa gjera ein Handel med same eg kjem til Byen: vil du høyre siste Ordi mitt, so byd eg deg aa byte likt.“ Det saag ut til han vart svært tviraadig, og han letst eve seg um med di lenge; men Endelykti var no den, at me bytte likt — han likte so den vesle Merri mi, ho kunde verta so snodig Kjørehest for honom og Brunblakken hans var vel tung av seg, gat han um.