Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/64

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 60 —

Horn. Han kom burt-i Vegen aat oss og spurde, um me hadde ein sterk, tung Arbeidshest aa selja. No laut antell Felagen min hell eg gaa og leide den blaa Gampen, kvar me foor, og da han var baade stor og grov og velfallin, bau han Hesten fram. Mannen tykte vel um Hesten og kjøpte han medan me stod i Vegen ved ein Gjeili, som gjekk upp til Gards. Eg likte ikje denna Handelen, for eg kjende vel han Ivar Horn fraa fyrr um Aari, men eg tykte ikje eg kunde leggja meg fram-i og øydeleggje Handelen for Felagen min, hell. Ikje spurde Mannen seg forr um Lyte ved Hesten heller, og ikje kavera Felagen min noko. Men eg tykte det var best me kom so langt undan, at me var utor Bjølleljomen, snøggast det let seg gjera, og eg masa med, at me endelig laut sjaa til aa koma etter Drifte paa heilage Flekk. Ivar Horn bad oss med inn paa ein Dram i Kjøpskaal, men me bar oss undan med, at me paa ingi Gjerd hadde Tidir til di. Da me skildest, tok Ivar den blaa Gampen i Beisle og vilde leide Hesten med seg burt-i ein Hamne-Hage; upp etter Gjeilen var det lagt tett med Sagbordstubbar til aa gaa etter i Regnver, og med same Mannen byrja gaa, spente Hesten burt-i Bordendane, so han heldt paa aa drive ikoll. Eg saag, at Ivar med ein Gong skjøna, at me hadde narra han upp i Dust, men han var forr klok til aa lata seg merke med di. „Ja no tør eg ikje ein Gong sjaa meg attende,“ sa eg; men Ivar hadde, paa ei eller annor Gjerd, avhenda Gampen att same Hausten, og paa Kristiania Marknaden um Vintren hadde han kome i Hendane paa ein Vognmann. Det vart enda Sak um Hesten til Slutt, og me høyrde ein Tymt um, at det skulde verta rekt attende, kven som fyrst hadde sett han ut i Handel. Men det do burt att av seg sjøl og eg høyrde ikje meir til di.“

„Den Hestehandelen — ja den Hestehandelen, du Jakop! — med den kann det gaa baade leidt og løgelegt til. Det gjeld aa ha Augo opne og enda kann ein verta snytt so endefram ned i Botn og Grunn, at det er ikje Gjerd paa. Du skal høyre, korleis det gjekk med ein Hestehandel, eg gjorde, for ein femtan sekstan Aar sidan.

Me heldt just paa aa koma fram med Drifti, og eg hadde allt vore inne i Byen og leigt Byhamn. Eg reid inn til Byen