— 59 —
eg burt-i Spiltaage aa tala aat honom som i gamle Daagaa, og meinar du ikje han gjorde sameeins no, som ved Bud-Døri i Heimdalen! — Han nuppa i Huva mi og lagde Hovude paa Oksli mi; so nasa han paa Klædi mine, like fraa Skoreimane og upp paa Dusken i Rauhuva — imillom lagde han Hovude ned-paa Oksli mi att mange Gongar. „Ja no gjekk han radt med deg gjenom tjukke Byen forutan Grime,“ sa Stalldrengen, „slikt har eg aldri set av ein Hest fyrr.“
Rauen hadde komi seg gjildt, vorte so stor og brei, at han var mest ikje att-kjennande. Det er rart med di, maa vita, naar ein Hest vert stelt so væl som der i Garden.
Me Handelskarar kjøper og sel i Einingom, og med di kjem me liksom ikje til aa leggje nokon Elsk ved Dyri, kor vitlege og gjilde sume av deim kan vera. Men det gjorde meg illt da eg gjekk fraa Rauen att, hjelp ikje han var komin paa Prinse-Stallen. Og eg har ikje angra paa noko anna Krøtur eg har selt, men hann angra eg paa, eg gjorde av med.“
„Det var fulla meir av gjilde Hestar og jamfari betre Heste-Eldi paa Gardom i Bygdi, dei Tidine, veit eg?“
„Paa mange av Gardom i Bygdi hadde dei godt Elde og det var nokre framifraa Skjuthestar i dei Tidom som sette Merkje ette seg paa Øykjeslage for lange Evune etter. Slike Hestar som „Haakonstadrauen“ og „Øyabrunen“ har eg ikje set Makan til sidan.“
„Men korleis var det, Jakop, var du ikje med og selde ein blind Gamp i Byvegen ein Gong? Det lyt du fortelja oss.“
„Jau, eg var no med, men eg hadde ikje noko med Hesten eller Handelen elles aa gjera. Det var eine Felagen min, ein eg var i Drivtlag med i mange Aar, som aatte Gampen, ein blaa, stor, gjild Gamp aa sjaa paa, men skokkstein blind. Det grummaste var, at det var den rike Morbror aat Felagen min, som hadde selt honom Hesten — ja, Farbror hans heldt fulla ikje Lyte dult, var Von, og Prisen var fulla Gud og Ingenting au, men det var no rart, at han vilde setja Gampen paa Viddi, soleis. No skal du høyre korleis det vippa seg.
Da me kom ut i søre Land med Drifti um Hausten og foor framum ein Gard som heiter Horn, raaka me Mannen, han Ivar